KRYSSAR: Denne reinen kryssa frå tamreinområdet og inn i villreinområdet 28. juli.

KRYSSAR: Denne reinen kryssa frå tamreinområdet og inn i villreinområdet 28. juli. (Bilde: Porten-tipsar)

Skrantesjuka: Før jakta

Fleire meldingar om at rein kryssar vegen mellom tamreinområdet og Nordfjella

Men Statens Naturoppsyn seier situasjonen er kontrollert så godt som mogleg

Hemsedalsfjellet: Fleire meldingar har kome til Porten.no om at rein kryssar riksveg 52 på Hemsedalsfjellet. Vegen ligg i grenseområdet mellom terrenget Filefjell tamreinlag har sine tamreinar og villreinen i Nordfjella sone 1. Ettersom denne villreinbestanden er råka av skrantesjuke har det vorte framheva som svært viktig at det ikkje blir utvekslingar av tam og vill rein i dette området.

I VEGEN: Desse reinane skal ha kryssa frå villrein området og inn i tamreinområdet midt i juli.
I VEGEN: Desse reinane skal ha kryssa frå villrein området og inn i tamreinområdet midt i juli. Bilde: frå Facebooksida for villreinjakt i Nordfjella

Porten.no har fått tilsendt bilete av ein bukk som kryssa rv. 52 frå tamreinområdet på nordsida av vegen inn i villreinområdet på sørsida 27. juli  På Facebooksida for villreinjakt i Nordfjella vart det også lagt ut bilete av ein reinsflokk midt i vegen som skal ha kryssa motsett veg ei god veke før.

I begge tilfella skjedde kryssingane aust for Bjøberg.

- I dette området er det garantert snakk om tamrein som kryssar vegen, ikkje villrein. Det har vore tilfeller av dette, men tamreinfolka patruljerer og jagar reinane tilbake straks det skjer eller er i ferd med å skje, seier seniorrådgjevar i Statens Naturoppsyn, Petter Braaten.

Ein rein vart også påkøyrt på rv. 52 ved Eldrevatnet i månadsskiftete juli/august. Det var ein tamrein.

Er først og fremst bekymra for at villrein kjem inn i tamreinsområdet

Den største faren i høve vidarespreiing av skrantesjuke frå Nordfjella er villrein som kryssar inn i tamreinsområdet, forklarar han.

- Poenget er ikkje at vegen er ei magisk grense mellom dei to områda, men at det ikkje skal koma villrein over denne vegen og inn i tamreinsflokken.

- Så her har ein kontroll?

- Ja, det vil eg seia - så god kontroll som det er mogleg å ha. Me hadde eitt tilfelle i vår der nokre bukkar var nokre få minuttar over på nordsida av vegen. Tre av dei vart skotne og resten forsvann då straks over på sørsida att. No er også gjerdet som skal skilja dei to bestandane i dei mest utsette områda snart ferdig.

Til toppen