Sveinung Rotevatn, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre.

meiningar

Sveinung Rotevatn, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Fleire nye arbeidsplassar

Sogn og Fjordane har fått 900 fleire arbeidsplassar dei fire siste åra. I Sogndal har mellom anna nLInk og SGNskis god utvikling, i Balestrand blømer reiselivet og i Lærdal er det bokstaveleg talt vekst hos Lærdal Grønt. Eksempla på bedrifter som lukkast i området er mange, men dette kjem ikkje av seg sjølv.

Den som skaper ein arbeidsplass for seg sjølv og nokon fleire skal vere stolt. Ein gründer er ein som vågar å tenke nytt og som tar stor risiko. Venstre vil gjere det lettare for alle dei som startar for seg sjølv. Det er ikkje berre lett i dag.

Viss du som ny bedrift vil tilsette fleire, er noko av det første du får i posten ei rekning på arbeidsgjevaravgift frå skattekontoret. Det er takka for å ha skapt ein ny arbeidsplass. Venstre vil fjerne arbeidsgjevaravgifta i inntil tre år for nystarta bedrifter med mindre enn fem tilsette. Dette vil gjere det lettare å tilsette fleire for mange av dei små, nystarta bedriftene i fylket.

Venstre vil òg fjerne diskriminerande reglar som gjer at jobbskaparane må betale meir skatt og har dårlegare sosiale ordningar enn andre lønsmottakarar. Dette rammar spesielt kvinnelege gründerar i tradisjonelt kvinnedominerte sektorar. Sjølvstendig næringsdrivande har for dårleg tryggleik om dei skulle bli sjuke eller gravide. Dette er ikkje rettferdig, og det vil Venstre gjere noko med.

Nye bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande skaper ein stad mellom 20000 og 30000 nye arbeidsplassar i året. Venstre har som mål å doble dette talet. Det viktigaste for alle nye bedrifter er lønsemd. I dag betalar sjølvstendig næringsdrivande meir skatt enn andre lønsmottakarar med same inntekta. Dei må òg betale skatt på forskot, før pengane dei tener er på konto. Dette vil vi endre på.

For å jamne ut ulikskap mellom jobbskaparar og arbeidstakarar, vil Venstre innføre same minstefrådrag på skatt for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som for personlege skatteytarar.

Sogn og Fjordane og Norge mange nye arbeidsplassar i framtida. Samfunnet vårt skal gjennom ei stor omstilling, og dei som skapar jobbar, spelar ei heilt avgjerande rolle. Venstre er på lag med framtida, og vi er på lag med dei som vågar å ta oss dit.

Sveinung Rotevatn
Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre

Til toppen