MARGINALT FLEIRE: Rett nok er det i reine tal fleire nynorskelevar i grunnskulen i år enn i fjor, men prosentvis er tendensen at det blir færre elevar som nyttar nynorsk ordliste i høve hovudmålet.
MARGINALT FLEIRE: Rett nok er det i reine tal fleire nynorskelevar i grunnskulen i år enn i fjor, men prosentvis er tendensen at det blir færre elevar som nyttar nynorsk ordliste i høve hovudmålet. (Foto: Illustrasjon)

Fleire nynorskelevar i grunnskulen

Talet på grunnskuleelvar med nynorsk som hovudmål auka i faste tal frå 76.389 i skuleåret 2015/2016 til 76.549 i 2016/2017, ifølgje tal som Språkrådet har henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Prosentdelen nynorskelevar har likevel falle frå 13,8 prosent for ti år sidan til 12,2 prosent i dag. I fjor var nynorskprosenten 12,3.
 
Nynorskdelen har gått ned i alle fylke bortsett frå Sogn og Fjordane, og mest dramatisk er nedgangen i Telemark og Oppland, går det fram av rapporten.
 
– På kommunenivå ser ein ein klar tendens til at nynorsken taper terreng i kommunar som har både nynorsk- og bokmålskretsar i skulen. Eit slikt område med til dels sterk nedgang for nynorsken, er Romsdal, skriv Språkrådet.
 
Det absolutte talet på nynorskelevar auka i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og ein del stader har òg den relative nedgangen stoppa opp, til dømes i Hordaland. I Sogn og Fjordane har òg nynorskdelen auka litt, og er der på 97,8 prosent.
 
Målbytet frå nynorsk til bokmål i vidaregåande er likevel stort. Prosentdelen som valde nynorsk som hovudmål til norsk skriftleg eksamen på Vg3, minka frå 6,4 prosent i 2015 til 6,1 prosent i 2016. Språkrådet konstaterer at nedgangen dei siste sju åra er tydeleg i alle fylke bortsett frå Sogn og Fjordane.
 
Av 16 lokale folkerøystingar om opplæringsmål dei siste fem åra har 8 gått i favør av nynorsk, 8 bokmål.
Til toppen