FIRE REAKSJONAR: Politiet skreiv ut gebyr og forenkla førelegg til tjue prosent av bilistane dei kontrollerte på Kaupanger i samband med Aksjon skulestart. Illustrasjonsfoto
FIRE REAKSJONAR: Politiet skreiv ut gebyr og forenkla førelegg til tjue prosent av bilistane dei kontrollerte på Kaupanger i samband med Aksjon skulestart. Illustrasjonsfoto

Fleire reaksjonar under aksjon skulestart

Fire av tjue kontrollerte fekk bot.

Kaupanger: Dei siste dagane har Politiet halde mange kontrollar i samband med skulestarten rundt om i fylket, og på Kaupanger blei det i morgontimane onsdag fleire reaksjonar, twitrar Politiet i Sogn og Fjordane.

Kontrollen av tjue bilar førde til to gebyr for manglande bilbelte, eitt forenkla førelegg for manglande sikring av barn i bilen og ytterlegare eitt gebyr for at ein sjåfør ikkje hadde med seg førarkort. 

Til toppen