60 000 FLEIRE: ​Til saman 161 cruiseskip har frakta over 240.000 passasjerar til Flåm så langt i år, ein auke på over 60.000 personar frå 2015. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
60 000 FLEIRE: ​Til saman 161 cruiseskip har frakta over 240.000 passasjerar til Flåm så langt i år, ein auke på over 60.000 personar frå 2015. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Fleire reisande på Nærøyfjorden

​Til saman 161 cruiseskip har frakta over 240.000 passasjerar til Flåm så langt i år, ein auke på over 60.000 personar frå 2015.

  • Endret

Aurland: Stadig fleire turistar vel å reise i verdsarvområdet på Nærøyfjorden, og dette har bidrege til ein svært god sesong for turistnæringa i Flåm, skriv Avisa-Hordaland. I tillegg til høge passasjertal har ein gunstig kronekurs for turistane hatt positiv innverknad.

Les også: Flåmsbana rundar truleg 900 000

– For cruiseskipa har det vore ein kjempesesong, og me merkar tydeleg utslag på kronekursen. Det ser ut som turistane brukar meir pengar i land, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Aurland Hamnevesen.

Salssjef Stig Johnny Buvik i Flåm AS anslår ein passasjervekst på 12– 13 prosent på Nærøyfjorden samanlikna med fjoråret. (©NPK)

Til toppen