NORLED: Fleire reiser med hurtigbåt, og i 2019 utvidar dei sesongen i Flåm.
NORLED: Fleire reiser med hurtigbåt, og i 2019 utvidar dei sesongen i Flåm. (Foto: Norled)

Fleire reiser med hurtigbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane

Og god interesse for rundreise til Bergen via Flåm fører til utvida sesong i 2019.

Sogn og Fjordane: Over 252.000 passasjerar har så langt i år reist med Norled sine hurtigbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Det er nesten 7.000 fleire reisande enn på same tid i fjor. Det skriv Norled i ei pressemelding.

– Interessa for Noreg som turistdestinasjon har auka betrakteleg dei siste åra, og det ser me òg att i våre passasjertal, seier regionsjef for hurtigbåter i Norled, Bjørn Egil Søndenå.

Tre hurtigbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane 

– Samstundes er det interessant å sjå at den kraftigaste veksten kjem fra heilårsruta vår som går mellom Bergen og Nordfjord, seier han.

REGIONSJEF: Bjørn Egil Søndenå. Foto: Privat

Norled operar med tre hurtigbåtruter mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Båten som går i rute mellom Bergen og Nordfjord fraktar flest passasjerar og er ei heilårsrute. Det er også den ruta som kan syne til kraftigast vekst så langt i år, med ei auke i tal på passasjerar på fire prosent.

Den andre båtruta går mellom Bergen og Sogn, med retur til Bergen. Denne ruta går òg heile året, og har hatt ein beskjeden vekst når ein ser på utviklinga fra januar til og med september månad.

– Ser me på sommarmånadane isolert, det vil seia frå juni til august så er det denne rundreisa som har hatt den aller sterkaste veksten, med ein passasjerauking på over 6 prosent, seier Søndenå.

Utvida sesong inn til Flåm i 2019 

Den tredje, og meir skreddersydde turistruta frå april til oktober, som er ei rundreise fra Bergen, via Sogn og Flåm og tilbake til Bergen, har hatt ein fornuftig og stabil vekst på litt over 500 passasjerer per månad i sommar. På bakgrunn av god interesse for denne rundreisa vil Norled fortsetta satsninga med utvida sesong inn til Flåm i 2019 òg. Då med oppstart allereie i byrjinga av april neste år.

– Me er nøgde med at fleire vel å reisa med våre hurtigbåtar, og me ynskjer å vera ein attraktiv reiseform både for nordmenn og utenlandske turistar som besøker Noreg og Vestlandet, seier Søndenå.

Han legg til at han tykkjer det er positivt at heilårsrutene òg syner ei auke, slik at økningen ikke bare kommer fra turistsegmentet.

– Bakgrunn for veksten trur me er ein kombinasjon av generell auka interesse for å betra markedsføring av våre reiser. Det flotte sommarvêret har truleg òg bidrege positivt, seier Søndenå.

Til toppen