I 2013 vart det betalt ut rundt 74 millionar kroner i rovdyrerstatning for sau, mens beløpet no er nede i 45 millionar, melder NRK. Parallelt med dette har det blitt fleire sauebønder og fleire sauer.
– Ein stor del av dei som har slutta, har slutta i rovdyrutsette område, mens dei som investerer i sauehald er i område der rovdyra ikkje er til stades. Så du får ei flytting av beitenæringa frå rovdyrområda, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.
Miljøminister Vidar Helgesen (H) gler seg over dei låge tala, men lovar samtidig tiltak der rovdyr er eit problem.
– Der beitedyra skal ha prioritet, der har vi låg terskel for å felle rovdyr. Jerven er den som gjer mest skade, og der har vi sett i gang forsøk med nye og meir effektive måtar å felle dei på. Vi er opptatt av å fortsette å ha ei god soneforvaltning, som vil seie at det er ulike sonar der rovvilt og husdyr har prioritet, seier Helgesen.