Sogn: I ei pressemelding frå NAV kjem det fram at sjukefråværet for juli, august og september gjekk opp til 4,6 prosent, etter å ha lege stabilt på 4,2 prosent dei tre siste åra. Dette viser tal som NAV har fått inn frå legane.
Pålagd karantene gjev sjukemelding
Det er særleg sjukemeldingar på grunn av luftvegslidingar som aukar, med 40.000 fleire tapte dagsverk enn i same periode i fjor. Totalt sett er likevel muskel- og skjelettlidingar den gruppa som fører til klart mest sjukefråvær.
Det er ingen auke i talet på sjukemeldingar som skuldast psykiske lidingar.
– Me var spente på desse tala, som gjeld for perioden mellom den første og den andre smittebølgja. Auken i sjukemeldingar viser at me står i ein alvorleg situasjon. Det er grunn til å frykte ein auke i fjerde kvartal, ikkje minst fordi mange vert sjukemelde når dei må i karantene, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Fakta om sjukefråværet i Vestland
- Næringar: Høgast fråvær i helse, transport og tenesteyting
- Alder: Høgast fråvær i gruppa 60–64 år (6,1 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppene
- Kommunar: Høgast fråvær i Eidfjord (6,5 prosent), Gulen (6,0 prosent) og Modalen (5,9 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (2,5 prosent), Fedje (3,2 prosent) og Ulvik (3,2 prosent)
- Sjukefråværet i Vestland er litt høgare enn snittet for heile landet (4,5 prosent)