TRAVELT: Fleire gonger måtte politiet i aksjon i Sogndal natt til søndag.
TRAVELT: Fleire gonger måtte politiet i aksjon i Sogndal natt til søndag. (Foto: arkiv)

Fleire slagsmål natt til søndag

Ei heller uroleg natt for politiet.

Sogndal: Det starta rett over midnatt då ein person vart meld for drikking på offentleg stad. Så drog det seg til, for rett før klokka 2 var det meldingar om slagsmål med fleire personar involverte ved Fjærlandsvegen. Då politiet kom fram hadde nokre av dei involverte forsvunne. To personar måtte til helsesjekk etter tumultane.

Det gjekk ikkje meir enn ein halvtime før kamphanar var i gang att, denne gongen utanfor utestadene i Sogndal. Også her forsvann fleire av dei involverte før politiet kom. Ein person vart sendt til legesjekk i denne runden.

Til toppen