FULL STOPP: Dette synet møtte Cristian Ene då han var på veg til arbeid på Årdalstangen.
FULL STOPP: Dette synet møtte Cristian Ene då han var på veg til arbeid på Årdalstangen. (Foto: Christian Ene)

Fleire småras gjorde at Norsun-arbeidaren kom for seint til jobb

Når du kjem for seint til jobb, er det greitt å ha biletebevis.

Årdal: Christian Ene jobbar på Norsun på Årdalstangen. I dag kom han for seint til jobb på grunn av fleire små ras på veg frå Holsbru ned til Årdal.

– Etter den første tunnelen såg eg at det var masse snø som hadde rasa ned frå fjellsida, seier Ene.

Han fekk stoppa i tide, og ringte for å seia frå om raset. Heldigvis dreiv ein entreprenør å rydda is i nærleiken, så hjelpa var raskt på plass.

– Det tok kanskje ti minutt til vegen var open att, seier Ene, som seier det låg snø i vegen fleire andre plassar òg. 

Kombinert med mykje vind og dårleg sikt på Tyin, gjorde det til at han kom nokre minutt for seint til jobben på Norsun.

– Det var «heilt vilt». Eg såg ingenting og måtte køyra i 20-30 kilometer i timen, seier Ene om turen over fjellet.

Vegvesenet melde klokka 15.23 om frisk bris og snøbyger på fjellovergangen mellom Årdal og Tyin.

Til toppen