Sogn: Torsdag analyserte Helse Førde 325 koronaprøvar. Åtte av dei er positive.
Helseføretaket opplyser om at dei positive koronaprøvane kjem frå Sogndal, Vik, Stad, Kinn og Gloppen.
Porten.no skreiv torsdag at ein person med tilknyting til innovasjonssenteret på Fosshaugane Campus i Sogndal testa positivt for korona førre veke. No er ein ny person smitta.
I følgje smittevernlege Leiv Erik Husabø var vedkommande allereie i karantene, ein såkalla husstand-smitte. Han vil ikkje seie om smitta er relatert til personen som vart smitta førre veke.
– Men det viser at det er viktig at folk blir isolert.
Husabø seier også at dei ser ut til å ha kontroll på situasjonen ved Innovasjonssenteret. Personen som nyleg fekk vite om nærkontakt har allereie testa negativt med ein hurtigtest. No ventar svar på prøve nummer to.
– Vi har ikkje fått noko prøve som indikerar smitte på arbeidsplassen.