STENGT: Slik såg det ut på Tyinosen like før klokka 13:00.
STENGT: Slik såg det ut på Tyinosen like før klokka 13:00. (Foto: Statens vegvesen/webkamera)

Fleire stengde fjellovergangar

Sjølv om me har passert midten av mai vil ikkje vinteren sleppa taket heilt enno.

Indre Sogn: Laurdag er fleire fjellovergangar i sør stengde på grunn av uvær.

Her i Indre Sogn gjeld det mellom Aurland og Hol, Vikafjellet og mellom Årdal og Tyin. Sognefjellet er stengd til over helga. Ny vurdering vil bli teken måndag morgon.

Filefjell og Hemsedalsfjellet er framleis ope.

MYKJE SNØ: Det er få teikn til vårstemning på Sognefjellshytta 1400 meter over havet. Foto: Statens vegvesen/webkamera
Til toppen