SKAL MØTE USA: Tysdag kveld spelar Miriam Mjåseth, Thea Bjelde og Ylinn Tennebø mot USA. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SKAL MØTE USA: Tysdag kveld spelar Miriam Mjåseth, Thea Bjelde og Ylinn Tennebø mot USA. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Fleire talent frå fylket uttekne på landslaget

Intet mindre enn fire talent frå Sogn og Fjordane er tekne ut på landslagssamling i løpet av den neste veka.

Sogndal: Tre av desse, Thea Bjelde frå Sogndal og Kaupanger-spelarane Ylinn Tennebø og Miriam Vilnes Mjåseth, skal allereie tysdag i aksjon for J17-landslaget til Noreg.

Tysdag møter dei USA før England er motstandar på torsdag. Samlinga i England er den siste før dei eliterunden i EM-kvalifiseringa i mars. 

– USA ligg øvst på FIFA-rankinga og er eit veldig godt lag. Det er ei vaksen oppgåve, men det passar oss godt. USA representerer det nivået me skal konkurrere på vidare, seier landslagstrenar Børje Sørensen til fotball.no.

Hove utteken på G17-landslaget

Under samlinga får jentene også besøk av A-landslagsspelar og England-proff Andrine Hegerberg.

– Ho skal ha ein inspirasjonsprat med jentene i kveld der ho skal fortelja om sin veg til toppen og kva ho har vore gjennom for å koma dit ho er i dag. Me er veldig glad for at ho ville bli med oss her og at ho engasjerer seg i arbeidet med å utvikle nye toppspelarar, seier Sørensen.

Elles er også Sogndal-spelar Johan Hove utteken til landslagssamling med G17. I slutten av månaden deltek han på pre-camp i Valdres storhall.

Til toppen