Gulen: Masfjorden kommune melde torsdag at kommunen har fått sitt første stadfesta tilfelle av koronasmitte. Samstundes melde Gulen kommune at ein tilsett ved Brekke barnehage og skule er sett i karantene fordi personen har vore i kontakt med den koronasmitta i Masfjorden.
Ifølgje Firda er også endå fleire tilsette ved Brekke barnehage og skule no sett i karantene ut frå retningslinjene om karantene og testing.
Oppvekstsjef i Gulen, Jan Ove Einebærholm, stadfestar dette overfor Firda.
– Det er enkelte tilsette som er sette i karantene etter dette. Det er ingen av våre som har symptom, men fleire har tidagars karantene, seier Einebærholm som ikkje vil seie kor mange dette gjeld.
Det har fram til no ikkje vore koronasmitte i Gulen kommune.
Ifølgje Einebærholm er dei tilsette som er i karantene testa for koronasmitte torsdag.