KAMPFORM: Årdal FK er i gang med oppkøyringa til sesongen, og satsar på fleire treningskampar i år. Dei håpar det vil gje ein betre vårsesong. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
KAMPFORM: Årdal FK er i gang med oppkøyringa til sesongen, og satsar på fleire treningskampar i år. Dei håpar det vil gje ein betre vårsesong. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Fleire treningskampar for betre kampform

Den første treningskampen til Årdal FK som gjekk av stabelen fredag enda i tap. – Gir ingen peikepinn, seier trenar Ivan Øy.

Fjøra - Årdal FK: 3 - 0 (treningskamp)

INGEN BETYDNING: At Årdal FK tapte treningskampen mot Fjøra fredag, betyr lite, meiner trenar Ivan Øy. Arkiv
INGEN BETYDNING: At Årdal FK tapte treningskampen mot Fjøra fredag, betyr lite, meiner trenar Ivan Øy. Arkiv

Årdal: Oppkøyringa til sesongen er allereie i gang, der Ivan Øy og Årdal FK satsar på fleire treningskampar enn før. 

Dei to siste åra har vårsesongen vore tung for gutane i 3. divisjon, men med gode haustsesongar har dei berga plassen i divisjonen. 

Feil bilete

– Me skal ha fleire treningskampar for å kome i betre kampform, og samstundes finne måtar å trene på som fører til lite skadar, fortel Øy.

Han meiner at resultatet av treningskampen mot Fjøra fredag gir eit feil bilete av kampen. 

– Det vart ein del misforståelsar ute på bana, og kampen bar store preg av å vera første kamp i år.

Trenaren er tydeleg på at dette resultatet ikkje gir nokon peikepinn for tida framover, og at kampen likna meir på ein 0-0-kamp.

Fleire spelarar

Under treningskampen fekk brødrene Eirik og Anders Lereng speletid, og Øy fortel at det er fleire i deira kategori som er med på treningane til Årdal FK. 

– Anders (Lereng, journ. mrk) blir nok tatt opp i A-stallen i 3. divisjon. Dei som har lyst til å bli betre, får sjansen til det, seier han. 

 

Til toppen