TUNNELBRANN: I fjor sommar blei Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane stengt i nesten tre veker etter ein brann i ein svensk buss med kinesiske turistar. Fire personar blei alvorleg skadd. Foto: Arne Veum / NTB scanpix / NPK
TUNNELBRANN: I fjor sommar blei Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane stengt i nesten tre veker etter ein brann i ein svensk buss med kinesiske turistar. Fire personar blei alvorleg skadd. Foto: Arne Veum / NTB scanpix / NPK

Fleire tunnelar i regionen er ikkje trygge nok

Styresmaktene har ikkje teke sikkerheita i tunnelar alvorleg nok, fastslår Riksrevisjonen. I ein ny rapport får både Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet og Statens vegvesen skarp kritikk.​

  • Endret

Indre Sogn: Rapporten viser blant anna at det for halvparten av tunnelane ikkje har vore gjennomført lovpålagde brannøvingar dei fire siste åra. I tillegg manglar både risikoanalysar, retningslinjer, oppfølging og informasjon til trafikantar om sikker åtferd i tunnelar, skriv Riksrevisjonen i rapporten som blei presentert tysdag.

– Noreg er eit tunnel-land. Undersøkinga viser at Statens vegvesen i altfor mange tilfelle ikkje har god nok oppfølging av sikkerheita, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Tunnelane det er snakk om i Indre Sogn er Lærdalstunnelen, Fjærlandstunnelen og Steiggjetunnelen.

25 brannar

Kvart år skjer 1.300 motorstopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann i tunnelar. I halvparten av tunnelane har det ikkje vore gjennomført brannøvingar dei fire siste åra, ifølgje rapporten.

Det gjeld blant anna sju undersjøiske tunnelar. Desse er kjende for å vere meir brannutsette enn andre tunnelar.

– Det er stor risiko for at ein brann kan utvikle seg til ein katastrofe, seier ekspedisjonssjef i Riksrevisjonen Therese Johnsen som er ansvarleg for rapporten. Ho meiner det er svært uheldig at risikoanalysar ikkje er på plass.

– Desse legg grunnlaget for beredskapsarbeidet og innsatsplanane for nødetatane. Erfaring frå tidlegare hendingar viser også at folk reagerer ulikt og tidvis irrasjonelt når ei ulykke skjer, peikar ho på.

41 tunnelar er rekna som særleg risikoutsette. Men for eit fleirtal av desse tek ikkje risikoanalysane opp dei særskilde forholda og farane ved kvar enkelt tunnel. Berre åtte av tunnelane får godkjent på alle punkt.

Svak styring

I 2007 kom ei ny sikkerheitsforskrift for tunnelar på riksvegane, som i 2014 blei utvida til å også omfatte fylkesvegane.

Ifølgje Riksrevisjonen manglar likevel Vegdirektoratet system og retningslinjer for å forvalte sikkerheita i tunnelane i tråd med lova.

– Vegdirektoratet er i lita grad på hogget, kommenterer Foss.

Samferdselsdepartementet bør sørgje for at Vegdirektoratet oppdaterer rammeverket og gi klare føringar for korleis sikkerheita skal takast vare på, er det klare rådet frå Riksrevisjonen.

– Det har vore for svak styring og oppfølging frå overordna styresmakter, seier Johnsen.

Treg oppgradering

Styresmaktene får også kritikk for å vere trege når det gjeld oppgradering av tunnelane. Som ein følgje av krava i forskriftene skal rundt 450 tunnelar få nytt og betre sikkerheitsutstyr, nødtelefonar, ventilasjon, lys og sløkkeutstyr innan 2020.

Men til no er berre 19 av 224 riksvegtunnelar oppgraderte.

– Dette vil eg kalle å ile svært langsamt, seier Foss.

Med den takta som styresmaktene har lagt opp til, vil 75 riksvegtunnelar mangle nødvendig sikkerheitsutstyr når fristen går ut, strekar Riksrevisjonen under. (©NTB)

Til toppen