FULLT: Boskonteinarane i Gudvangen har vorte fullt så til randen den siste veka, at folk starta å legge att boset attmed dei.
FULLT: Boskonteinarane i Gudvangen har vorte fullt så til randen den siste veka, at folk starta å legge att boset attmed dei. (Foto: Reinhardt Sørensen)

Fleire turistmål i Aurland flyt over av bos og avfall, no tek kommunen grep

Dei siste dagane har bilete av overfyllte bosdunkar og forsøpling florert på Facebook.

Aurland: Bilete frå blant anna Undredal og Gudvangen syner overfylte bosdunkar og posar med bos og anna avfall som ligg strødd attmed dei. Dei har fått opp mot 200 kommentarar på Facebook-gruppa Kva skjer i Aurland kommune

Reinhard Sørensen, leiar for teknisk etat i Aurland kommune, fortel at dei har hatt folk ute for å rydda måndag, tysdag og onsdag. 

– At det blir fullt i konteinarane og bosdunkane klarar me aldri å hindra. Det blir alltid nokre utfordringar i juli månad, som er høgsesongen, seier han, og forklarar at har nyleg vore Aurlandsmarknad og Vikingmarknad, og mykje folk har vore i kommunen. 

Sjå bilete nederst i saka. 

Kan venta bot

Sjølv om bileta syner avfall frå is, grilling og mat, er det likevel ikkje berre turistar som har lagt att bos. Mykje tyder nemleg på at lokale folk har kasta frå seg òg. 

– Me har funne ut kven som har kasta bos, og det skal me følgje opp. Nokon får nok ei rekning i posten til hausten, seier Sørensen.

Likevel vil han legga vekt på at kommunen har fokus på å informera og regelverk for avfallshandtering samt finna gode løysingar på problemet.

Kjent problem

Aurland kommune er ein reiselivskommune, og Sørensen seier dei er kjent med at bos og avfall kan bli utfordrande om sommaren med mykje turisme. 

I Flåm var det veldig utfordrande tidlegare. No har situasjonen betra seg, etter innsats frå næringslivet og kommunen, fortel han. No er det utfordrande i Gudvangen.

– Det er mykje ny næring der som har byrja å trekka folk, som til dømes Viking Valley og Kajakksenteret.

– Kva konkrete tiltak vil de innføra? 

– Aurland kommune har overordna ansvar for at det skal vera ryddig i kommunen. Me har vore ute å rydda og utført tømmingar etter meldingane me fekk. Me skal ha dialogmøte med dei ulike partane ut i august for å diskutera ulike løsyingar. Kommunen må òg vurdera om me må innføra andre ordningar. 

– På sosiale mediar har mange kommentert at det burde ha vore fleire konteinarar. Kva tenkjer du om det? 

– For mange konteinarar er ikkje løysinga, for det vil bli fullt då òg.. Det er alltid folk som ser etter enkle måtar å bli kvitt boset sitt på, seier han. 

Delt ansvar

I ei melding på heimesida, gjekk kommunen ut med informasjon kring forureining.  Sørensen fortel at ansvaret for avfall og bos er fordelt over fleire aktørar i reiselivskommunen. 

Som fleire kommunar i Indre Sogn, har Aurland kommune avtale med SIMAS om handteringa av avfall. SIMAS har ansvar for avfall frå hytter og hushaldningar.

Elles er det fordelt slik: 

  • Aurland kommune har overordna ansvar for å halda det reint og ryddig. 
  • Hamnevesenet har ansvar for å ta i mot avfall frå båtar og skip som kjem inn fjorden.
  • Næringslivet har ansvar for handtering av sitt avfall. Nokre vel å kjøpe tenester av eit selskap på Voss, og andre kjøper tenester av SIMAS. 
  • Statens vegvesen har ansvar for rydding av rasteplassar o.l.
  • Torsdagar kl.12-19 er miljøstasjon på Låven open. 

– Me har eit veldig godt samarbeid, og søppelhandteringa har me eigentleg god kontroll på. Men det er ekstra trykk no, seier Sørensen. 

– Fuglar og dyr hentar ut bos på bosdunkane òg, så me må sjå på kva dunkar me nyttar. Å finne gode løysingar for avfallshandtering er ein prosess som pågår heile tida, seier han. 

(Foto: Lene Hagen)
(Foto: Lene Hagen)
LET BOSET LIGGE ATT: Slik har det sett ut på Gudvangen denne veka. (Foto: Lene Hagen)
Til toppen