Fleire tyr til lån eller kredittkort for å dekka uventa rekningar

Fleire tyr til lån eller kredittkort for å dekka uventa rekningar

Stadig fleire nordmenn vil få problem med å betala ei uventa rekning. No vil to av ti auka lånet sitt eller bruka kredittkortet for å betale rekninga.

– Det er ei utvikling i galen retning, meiner forbrukarøkonom i Sparebanken Vest, Marianne Frønsdal.

Av alle land i OECD toppar unge hushald i Noreg lista over kven som låner mest.

Målt som del av disponibel inntekt til norske hushald, har gjelda aldri vore høgare enn ho er no. I ei undersøking Sparebanken Vest har utført i samarbeid med Respons Analyse er det fleire urovekkjande signal å spore. 

– Det eine er at no svarar 43 prosent at dei ville hatt utfordringar med å betale ei uventa rekning på 25.000 kroner. Det er åtte prosentpoeng fleire enn for berre halvanna år sidan. Blant unge opptil 34 år svarar no 6 av 10 at dei ville hatt utfordringar, fortel Frønsdal.

– Det er ikkje positivt at fleire svarar at dei ville hatt problem med å betale ei slik rekning. Ein sunn økonomi bør ha bygd seg opp ein reservekapital som kan tole eventuelle overraskande rekningar. For ein eller fleire slike rekningar kjem, di verre, nesten garantert i løpet av livet, seier Frønsdal. 

Lån løyser ikkje problema

Ho er også uroa over at stadig fleire ser ut til å ta opp meir lån for å betale ei slik rekning. 

– Med tanke på at vi nordmenn har meir lån enn nesten alle dei europeiske naboane våre, bør ikkje ytterlegare auka lån vera løysinga på eit slikt problem, seier Marianne Frønsdal. 

Sjølv om majoriteten ved 67 prosent svarar at dei ville betalt ei uventa rekning på 25.000 kroner med pengar henta frå sparekonto, så er det eit tankekors at to av ti svarar at dei ville anten auka eksisterande lån eller fleksilån eller betalt rekninga med kredittkort. 

Forsiktig bruk av kredittkort

Spesielt dei som betalar slike rekningar med kredittkortet bør tenkje seg nøye om. Undersøkinga viser at det er flest i aldersgruppa opp til 34 år som svarar at dei ville betalt med kredittkort.

– Når det gjeld dei som svarar at dei ville betalt med kredittkort, så ser eg at den løysinga kan redda situasjonen på heilt kort sikt. Men har du ikkje pengane forskyv du berre problemet berre fram ein månad, og klarer du ikkje betale det tilbake når kredittkortrekninga forfell, kan det koste deg dyrt sidan renta på kredittkortet er særs høg, seier Frønsdal. 

– Eg rår berre til å betale slike rekningar med kredittkort dersom du med tryggleik veit at du har råd til å betale henne når forfallsdatoen kjem, lyder det.

Til toppen