GODT OG GALE: Talet på uføretrygda i fylket aukar, men ikkje så mykje som i landet elles. Hadde me teke aderssamansetninga i fylket med i reknestykket, ville prosentdelen uføretrygda ha vore blant dei lågaste i landet.
GODT OG GALE: Talet på uføretrygda i fylket aukar, men ikkje så mykje som i landet elles. Hadde me teke aderssamansetninga i fylket med i reknestykket, ville prosentdelen uføretrygda ha vore blant dei lågaste i landet. (Foto: NAV Sogn og Fjordane)

Fleire uføretrygda i fylket og auken er størst blant dei unge

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane: Ved utgangen av september var det 5 535 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Dette er 54 fleire enn i september i fjor, ein auke på 1,0 prosent. Det er likevel mindre enn auken på på landsnivå, som er på 5 172 personar eller 1,6 prosent.

– Endringar i trygdeordningane er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda dei sisteåra. Dette gjeld særleg avviklinga av tidsavgrensa uførestønad og innføringa av
arbeidsavklaringspengar i 2010, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding

Auke blant yngre

Den største auken i talet uføretrygda kjem i aldersgruppa 30-
39 år (opp 8,6 prosent). Aldersgruppa 18-29 år har ein auke på 7,4 prosent. I aldersgruppa 60-64 år er det ein reduksjon på 3,4 prosent i talet på uføretrygda.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Denne utviklinga skuldast delvis avviklinga av ordninga med
tidsavgrensa uførstønad. At det er blitt fleire unge uføre over tid, må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier Thorsnes.

Liten auke i prosentdel uføre i befolkninga

I Sogn og Fjordane er det 8,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå september i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,6 prosent.

– Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville
prosentdelen uføretrygda berre vore 7,7 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier
Thorsnes.

Éin av fire nye med gradert uføretrygd

I Sogn og Fjordane var det per september 2017 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert trygd, mot 23 prosent same månad året før. På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, det same som i juni 2016.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd dei tre første kvartala i år, hadde 27 prosent ein gradert uføretrygd. I same periode i fjor var talet 29 prosent. På landsnivå er prosentdelen uendra på 25 prosent.

Til toppen