ELEVAR PÅ HELSEFAG: Dei har valt seg ei populær yrkesutdanning med gode moglegheiter for jobb. Frå venstre Siham Zamour Ifar, Fredrik Aas Berntsen, Thia Jensine Helgesen og Elias Røstvang. FOTO: Gorm Kallestad / NTB scanpix
ELEVAR PÅ HELSEFAG: Dei har valt seg ei populær yrkesutdanning med gode moglegheiter for jobb. Frå venstre Siham Zamour Ifar, Fredrik Aas Berntsen, Thia Jensine Helgesen og Elias Røstvang. FOTO: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Fleire ungdommar prioriterer ei trygg jobbframtid

I fleire år har søkjartala til helse- og oppvekstfag ved vidaregåande skular auka. Fafo-forskar meiner det kjem av ønsket om ein trygg jobb og ei meir praktisk retta utdanning.

  • Endret

Søknadsfristen til opptaket til vidaregåande skule i år er rett rundt hjørnet. I 2011 søkte 8.578 seg til helse- og oppvekstfag, og i 2016 hadde talet på søkjarar auka til 9.958. Fortset trenden, vil helse- og oppvekstfag igjen få høgast søkjartal etter studiespesialiserande når søknadsfristen går ut 1. mars.

På Holtet Vidaregåande skule i Oslo har fire elevar samla seg rundt eit bord. Alle går helse- og oppvekstfag, og nokre har allereie valt det dei ønskjer å spesialisere seg i; deriblant ambulansearbeidar. For nesten alle var det framtidige arbeidsmoglegheiter som motiverte dei til å søke helse- og oppvekstfag. 

– I 10. klasse følte eg at eg lærte mykje eg ikkje ville ha bruk for i arbeidslivet. Mykje av det vi har på helse- og oppvekst kjem eg derimot til å få bruk for, seier Fredrik Aas Berntsen (16).

Han heldt eigentleg på å søkje seg til medium og kommunikasjon, men ombestemte seg då han fann ut kor lite arbeidsplassar det er i den bransjen. 

– I helsesektoren er det fleire moglegheiter, og det er enklare å få seg jobb, seier Berntsen. 

Mindre teoretisk

Elias Røstvang (17) er også opptatt av dei framtidige arbeidsmoglegheitene, og han trur det er mykje av årsaka til dei høge søkjartala til linja. Samtidig trur han fleire blir motiverte til å gå helse- og oppvekstfag fordi det ikkje er så teoretisk.

– Eg hadde ikkje dei beste karakterane på ungdomsskulen, og eg treivst ikkje på skulebenken. Eg ville berre ut og gjere noko praktisk, fortel Røstvang. 

Helene Jeber Holt, avdelingsleiar ved helse- og oppvekstfag på skulen, fortel at avdelingsleiarane som jobbar med helse- og oppvekstfag i Oslo, samarbeider i form av ein nettverksskule. I arbeidet som blir gjort er omdømmebygging ein viktig faktor. Dette håpar ho gir resultat i form av gode søkjartal. 

– Det er viktig at helse- og oppvekstfag blir snakka fram, med tanke på at ein går inn i ei framtid med større behov for arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, seier Holt. 

Artikkelen held fram under bilete

POSITIV UTVIKLING: Det er ei auking av gutter på VG1, helse- og oppvekstfag. – Det er positivt med tanke på dei guttane som startar på linja, seier avdelingsleiar ved helse- og oppvekstfag på Holtet vgs i Oslo, Helene Jeber Holt.
POSITIV UTVIKLING: Det er ei auking av gutter på VG1, helse- og oppvekstfag. – Det er positivt med tanke på dei guttane som startar på linja, seier avdelingsleiar ved helse- og oppvekstfag på Holtet vgs i Oslo, Helene Jeber Holt.

Uvisse

Fafo-forskar Anna Hagen Tønder har erfaring innan blant anna fag- og yrkesopplæring. Ho trur dei høge søkjartala til helse- og oppvekst kjem av nettopp det elevane ved Holtet vidaregåande skule rapporterer, at det er eit trygt utdanningsval på område der det vil vere eit stort behov for arbeidskraft i åra framover. 

– I intervjuundersøkingar er det også mange unge som seier dei vel helse- og oppvekstfag fordi dei ønskjer seg ei meir praktisk retta utdanning, seier Tønder. 

Uvisse omkring kva ein ønskjer å gjere etter vidaregåande, trur ho også er ei årsak til dei høge søkjartala.  

– I fleire undersøkingar ser vi at mange unge er usikre på kva dei vil bli før dei begynner på vidaregåande. Helse- og oppvekstfag er på mange måtar eit enkelt val då. 

Artikkelen held fram under bilete

AMBULANSEARBEIDAR: Ein av retnignane på helse- og oppvekstfag.
AMBULANSEARBEIDAR: Ein av retnignane på helse- og oppvekstfag.

Liten grunn til endring

Det store behovet for folk med utdanning innan helse- og oppvekstfag kjem, ifølgje Tønder, av demografiske endringar i befolkninga, og utbygging av barnehagetilbod og skulefritidsordning.

– Men kor stort behovet reelt sett blir framover, kjem an på i kva grad arbeidsgjevarane og styresmaktene vel å satse på rekruttering av fagarbeidarar, seier Tønder. 

Ho ser liten grunn til at trenden med dei høge søkjartala til helse- og oppvekstfaga skal snu. No blir det i tillegg lagt opp til å utvikle fleire utdanningsvegar for dei som vel å fullføre ei yrkesfagleg utdanning og ta fagbrev. Desse tiltaka blir kalla y-vegar til høgare utdanning. 

– Det inneber at barne- og ungdomsarbeidarar kan utdanne seg til barnehagelærarar, og at helsefagarbeidarar kan bli sjukepleiarar, utan å gå vegen om påbygging og studiekompetanse, seier Fafo-forskaren. 

Spådommen for søkjartalet til helse- og oppvekstfag i år er at dei vil vere stabile, med ein mogleg svak auke i prosentdelen av kullet, ifølgje Are Turmo, kompetansedirektør i NHO.

– Helse- og oppvekstfag går for å vere eit trygt val i ein stor sektor, i ei noko usikker tid, seier Turmo. 

Kunst, design og arkitektur minst populært

Mens fleire strøymer til helse- og oppvekstfag i dei fleste fylka, er det få som søkjer seg til kunst, design og arkitektur. 

Av alle fylka i Noreg var det Rogaland og Hordaland som hadde flest søkjarar til helse- og oppvekstfag i 2016. Finnmark og Sogn og Fjordane var fylka med færrast søkjarar til same linje. Men det er fleire linjer enn helse- og oppvekstfag som er populære rundt om i landet. I Rogaland og Hordaland har for eksempel bygg- og anlegg også vore populært. 

– Det blir spennande å sjå om bygg- og anleggsteknikk veks vidare, etter at søkjartala begynte å auke i fjor etter mange år med minkande søkjartal, seier Are Turmo. 

Nedgang

Andre populære programområde i fleire fylke er elektrofag, teknikk og industriell produksjon (TIP) og idrettsfag. Særleg i Møre og Romsdal og Nordland har desse linjene vore attraktive over fleire år. Men mens søkjartala til helse- og oppvekstfag har auka sidan 2011, har det vore ein nedgang i talet på søkjarar til elektrofag og teknikk og industriell produksjon (TIP). 

Det ser ikkje Turmo på som overraskande, med tanke på dei dårlege tidene i oljebransjen. 

– Det blir spennande å sjå om TIP held seg på same nivå, eller om utslaget av lågkonjunkturen i olje- og leverandørindustrien vil vise seg igjen, seier Turmo.

Han meiner at minst 50 prosent av alle som skal begynne på vidaregåande skule, bør søke seg til yrkesfaga.

Mettingspunkt

Det programområdet færraste søkte seg til i 2016, var kunst, design og arkitektur. Dette er ein tendens ein kan sjå i alle fylka, med unntak av Oslo. I hovudstaden var naturbruk den minst attraktive linja i 2016.

Medium og kommunikasjon var det nest minst attraktive programområdet i dei aller fleste fylka. Det var særleg lite søkjarar til medium og kommunikasjon i Finnmark, Troms og Sogn og Fjordane. 

– Medium og kommunikasjon har nok nådd eit mettingspunkt. Det var lenge ei populær linje på vidaregåande, men ein gong måtte denne tendensen flate ut med tanke på den reelle arbeidsmarknaden for denne typen jobbar, seier Turmo.

Søkjarar til programområde på VG1 i 2016

Desse programområda hadde flest søkjarar i fjor:

* Studiespesialiserande: 27.276

* Helse- og oppvekstfag: 9958

* Elektrofag: 6560

* Teknikk og industriell produksjon: 5 638

* Idrettsfag: 5507

Til toppen