Indre Sogn: Arbeidsmarknaden i region Sogn er stabil og arbeidsløysa er låg, men talet ledige har auka med 41 personar samanlikna med same månad i fjor. Av dei 161 ledige i september utgjer ungdom under 30 år og innvandrarar ei aukande gruppe.
– Eg er uroa over å sjå at vi no har fleire unge under 30 år og fleire innvandrarar mellom dei ledige. Vi veit ikkje sikkert kvifor vi ser denne utviklinga og vil følgje dette tett framover, seier Grete Hagen, regionleiar i NAV Sogn i ei pressemelding.
Ei forklaring kan vere at etterspurnaden etter personar med fagbrev eller annan formell kompetanse aukar i alle yrke. Det gjer at det blir stadig blir tøffare for dei som ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller anna utdanning å komme inn på arbeidsmarknaden.
Les òg: Arbeidsløysa aukar mest i Lærdal og Sogndal
Kommunetal
Den størst auka i arbeidsløysa i region Sogn finn me i Leikanger, Aurland og Balestrand.
I september er det høgast arbeidsløyse i Aurland med 1,4 prosent, medan Vik har lågast arbeidsløyse med 0,5 prosent. I Lærdal, Leikanger og Balestrand er arbeidsløysa på 1,2, i Luster og Årdal er arbeidsløysa på 1,0 prosent og i Sogndal er den 1,1 prosent.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,2 prosent i september.
Nøkkeltal Region Sogn
September 2019 | Endring frå 2018 | |
Heilt ledige | 161 | 41 |
I prosent av arbeidsstyrken | 1 prosent | 20 prosent |
Langtids arbeidssøkarar | 56 | 2 prosent |
Ledig ungdom under 30 år | 60 | 71 prosent |
Innvandarar | 63 | 39 prosent |
Tilgang ledige stillingar | 96 |