MEIR UP: Færre ulykker på Sørlandet og Austlandet gjer at utrykkingspolitiet har overført fleire stillingar til Vestlandet.​ Foto: Arkiv.
MEIR UP: Færre ulykker på Sørlandet og Austlandet gjer at utrykkingspolitiet har overført fleire stillingar til Vestlandet.​ Foto: Arkiv.

Fleire UP-patruljar på Vestlandet

Færre ulykker på Sørlandet og Austlandet gjer at utrykkingspolitiet har overført fleire stillingar til Vestlandet.

Sogn: Utbetringane av E18 på Aust- og Sørlandet, har ført til at dødstala der har gått ned. Derfor har UP no flytta ein del av ressursane sine over fjellet til Vestlandet i staden, skriv NRK.

Totalt er 18 betjentar fordelte på ni patruljar no ute på vestlandsvegane, og politiet skal satse meir blant anna langs hovudferdselsårene E39, E16 og E134.

Målet med omplasseringa er å redusere talet på ulykker på vestlandsvegane.

– Ulykkesbiletet ser heilt annleis ut i vest. Derfor har det vore ei omfordeling av interne ressursar, fortel distriktsleiar Terje Oksnes i UP på Vestlandet. (©NPK)

Til toppen