POPULÆRT: Sau frå norske fjellbeiter er sjølve symbolet på norsk mat, og sjølv om marknaden for sauekjøt har vore nok treg ei tid er opplsutninga om norsk mat større enn nokon gong. Ullustrasjonsfoto
POPULÆRT: Sau frå norske fjellbeiter er sjølve symbolet på norsk mat, og sjølv om marknaden for sauekjøt har vore nok treg ei tid er opplsutninga om norsk mat større enn nokon gong. Ullustrasjonsfoto

Fleire vel norsk mat

Oppslutninga om norsk mat er større enn nokon gong tidlegare. I ei ny undersøking svarar 57 prosent at dei alltid vel norsk mat i butikken om det er mogleg.

Samtidig seier 65 prosent at dei trur norsk mat er tryggare enn mat produsert i andre land, skriv  Nationen.

– Dette er ei vitaminsprøyte for alle som arbeider med norsk mat. Vi har aldri før målt så positive haldningar til norsk mat og norsk matproduksjon, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i Matmerk, som har gjennomført målinga.

Ønsket om å støtte norske arbeidsplassar er hovudårsaka til at nordmenn vel å kjøpe norsk mat, etterfølgt av ønsket om å støtte norske bønder og norsk matproduksjon. 23 prosent seier dei vel norsk mat fordi dei synest han smakar betre.

Til toppen