KULTUR: Initiativtakarane til arrangementet er den kommunale gruppa som skal arbeide med aktivitetar i kulturhuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KULTUR: Initiativtakarane til arrangementet er den kommunale gruppa som skal arbeide med aktivitetar i kulturhuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Fleirkulturell bygdekveld i Lærdal

Tysdag kveld samlast lærdøler frå 14 ulike nasjonar seg i Lærdal kulturhus for å læra om kvarandre sine kulturar.

Lærdal: Kvelden startar i kultursalen, der internasjonale og innfødde lærdøler i lag står for eit spennande kulturprogram med song, musikk og dans frå heile verda. 

– Vi lovar eit eit mangfaldig kulturpogram og masse spennande mat, seier Anna Avdem i kulturhusgruppa. 

Smaksprøvar frå heile verda

Etter at innslaga i kultursalen er ferdig, vert det smaksprøvar frå ulike verdshjørne i vestibylen. 

Les også: Inviterer til fargerik bygdekveld

– Her blir spennvidda minst like stor, frå chilenske empanadas til danske frikadeller og norsk rakfisk til jemenittiske kaker og mykje, mykje meir, skriv Avdem. 

Så langt som arrangementgruppa kjenner til, vil lærdøler frå minst 14 land delta med kulturinnslag eller mat denne kvelden. 

Elevar frå skulen synar fram flagga

Ordføraren skal opna festen og deltakarane kjem frå Serbia, Finland, Eritrea, Island, Syria, Danmark, Montenegro, Chile, Somalia, Jemen, Nederland, Kurdistan/Iran, Filipinane, Noreg og kanskje enda fleire land.

–  Heimlege aktørar som kor, korps, kulturskulen og bygdekvinnelaget deltek, og elevar frå Lærdalsøyri skule viser fram alle dei aktuelle flagga, seier Avdem. 

I det heile er det duka for ein tysdagskveld med fargerik feststemning for ein kvar smak. 

- Vi håpar lærdøler i alle aldrar og fasongar vil nytta dette høvet til å koma saman og oppleva song og musikk, smaka på kjende og ukjende rettar og ikkje minst bli nærare kjent med nye og gamle sambygdingar. Alle er velkomne, og det er til og med gratis inngang, seier Avdem. 

Til toppen