Sogn: Stortinget fjerna moglegheita til å stryke kandidatar i forkant av kommunevalet i 2003. Grunngjevinga var at strykinga spesielt kunne gå utover kandidatar med innvandrarbakgrunn, og til dels kvinner, og hemme rekrutteringa til lokalpolitikken.
No vil Høgre og Framstegspartiet fremme eit forslag for Stortinget om å gi veljarane strykeretten tilbake.
Populær ordning
– Det vil vere eit viktig bidrag for å styrke lokaldemokratiet. Eg meiner det er ei lite demokratisk ordning at veljarane kan gi personstemmer til kandidatar dei likar særleg godt, medan dei ein ikkje likar, har immunitet mot meiningane til veljarane, seier leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp).
Han viser til ein rapport som Institutt for samfunnsforskning utførte for Kommunaldepartementet i 2009, som konkluderer med at ordninga var populær og mykje brukt.
Meir demokrati
Det er kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget som skal komitébehandle forslaget, som vil få fleirtal i Stortinget. I tillegg til regjeringspartia har Venstre stadfesta si støtte, og det gir tilstrekkeleg fleirtal, ifølgje Avisenes Nyheitsbyrå (ANB).
– Politikarane har gått for langt i å gi partia makt på kostnad av innbyggjarane. Gjeninnføring av moglegheita til å stryke kandidatar, i tillegg til moglegheita for ekstrastemmer, gir både meir demokrati og vitalisering av lokalpolitikken, seier Frank Jenssen, som representerer Høgre i kommunalkomiteen. (©NPK)