FLEIRTAL: Gro Starheimsæther og Jan Geir Solheim (begge Sp, f.v.) og Annike Vanberg (Sv) stemte for å oppretthalda Ljøsne skule i formannskapsmøtet i Lærdal i dag. Trond Øien Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap) stemte for nedlegging ved å gje stemmeteikn. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FLEIRTAL: Gro Starheimsæther og Jan Geir Solheim (begge Sp, f.v.) og Annike Vanberg (Sv) stemte for å oppretthalda Ljøsne skule i formannskapsmøtet i Lærdal i dag. Trond Øien Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap) stemte for nedlegging ved å gje stemmeteikn. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fleirtal for å oppretthalda Ljøsne skule

Med tre mot to stemmer gjekk formannskapet i Lærdal for å oppretthalda Ljøsne skule.

Resultatet av avstemminga i formannskapet onsdag var ikkje veldig overraskande. Senterpartiet og Sv sine tre stemmer for å oppretthalda Ljøsne skule mot Høgre og Ap sine to for nedlegging låg i korta. 

Les også: – Konsekvensane av nedlegging har ikkje kome fram

Les også: – Skal gje eit best mogleg skuletilbod innanfor dei rammene me har

Spenningsmomentet ligg i kommunestyret torsdag 20.oktober. Senterpartiet og Sv vil altså i utgangspunktet oppretthalda Ljøsne skule, og har fleirtal i kommunestyret med minste moglege margin. Spørsmålet på den eine sida er om ein eller fleire av senterpartirepresentantane "bryt ut" og stemmer for nedlegging.

Ordføraren: – Slit med å å bli einige om løysinga

Om stemninga i partiet sa ordførar Jan Geir Solheim følgjande:

– Mykje har skjedd; me har fått mange nye medlemmar i senterpartigruppa. For å vera ærleg slit me å med å bli einige om løysinga. Det er eit signal eg ønskjer å gje. Eg for min del driv ikkje med sentralisering, verken lokalt, regionalt eller nasjonalt.

Spørsmålet på den andre sida er kva det einaste partiet som ikkje er representert i formannskapet - Venstre - meiner om saka. Dersom Ap med sine fem og Høgre med sine to representantar i kommunsetyret stemmer som formannskapsrepresentantane sine, er sju av sytten for nedlegging av Ljøsne skule.

– Me har ikkje desse pengane

Signala frå formannskapsrepresentantane til Høgre og Ap var klare:

– Me har ikkje endra oppfatning og går for rådmannen si tilråding. Det har med dei økonomiske konsekvensane av å ikkje leggja ned, sa Trond Øien Einemo (H)

– Me snakkar om barn og unge, dei er framtida vår. Det var der me gjerne skulle ha brukt meir slik sett, men me har ikkje desse pengane - difor støttar eg rådmannen si tilråding, sa Kåre Mentz Lysne (Ap), som også understreka at han meiner den store diskusjonen om saka må koma i kommunstyremøtet 20.oktober.  

Så spørst det altså om det finst utbrytarar i Senterpartiet og eventuelt kor mange. Vidare kva veg stemma til Venstre kjem til å gå. Svara på desse spørsmåla gir lagnaden for Ljøsne skule. 

Til toppen