Det er klart etter at Høgre og Framstegspartiet 16. mai fekk støtte frå Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne då saka blei behandla i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, fortel Bergens Tidende.
Dermed er det fleirtal for saka i Stortinget.
Det er likevel delte meiningar om det å kunna stryka kandidatar frå listene. Då ordninga blei fjerna før kommunevalet i 2003 var det fordi ein slik praksis kunne slå uheldig ut for enkelte grupper som innvandrar og til dels kvinner som ville engasjera seg i politikken.
Leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), meiner derimot ordninga er ein styrke.
– Det vil vera eit viktig bidrag for å styrkja lokaldemokratiet, sa han då forslaget blei lagt fram i fjor.
Arbeidarpartiet, KrF og Senterpartiet har eit anna syn. I komitebehandlinga røysta desse personane mot fordi dei fryktar det kan slå negativt ut for folk som ønskjer å engasjera seg i lokalpolitikk.
Dei tre partia viser dessutan til at det også med den noverande vallova er mogleg å endra på stemmesetelen ved å gje ei ekstra stemme til enkeltkandidatar, skriv avisa.
(©NPK)