Vestland: – Eg trur mange ikkje forstår kva vindindustri i fjella vil innebere, seier Mona Hjartholm frå Gulen, som ikkje er ein del av dette fleirtalet.

Fleirtal i spørjeundersøking let ikkje vindkraftsaka påverke partivalet – Mona er ikkje blant dei
Over 60 prosent seier spørsmålet om vindkraft ikkje vil påverke partivalet deira, kjem det fram i ei meiningsmåling for Vestland fylke. Forfattar og vindkraftmotstandar meiner likevel at tala syner stort engasjement i saka.