KRITIKK: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har måtte tola ein del kritikk for tvangssamanslåingar av kommunar. Arkivfoto
KRITIKK: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har måtte tola ein del kritikk for tvangssamanslåingar av kommunar. Arkivfoto

Fleirtal mot tvungen samanslåing av kommunar

56,4 prosent meiner at det ikkje burde brukast tvang der innbyggjarane i kommunane har gått imot samanslåing, viser ei ny meiningsmåling.

  • Endret

På spørsmål om kommunar burde tvingast til samanslåing svarar 29,4 prosent av dei spurde at det bør brukast tvang, mens 14,2 prosent svarar at dei ikkje veit. Meiningsmålinga er utført 31. mai av InFact for Lokalsamfunnsforeningen blant 1.014 personar, skriv  Klassekampen.

Torsdag skal det stemmast på Stortinget over om Høgre og Frp får fleirtal med Venstre for at kommunar skal tvingast saman.

Les også: Stadfesta at kommunar bli slegne saman med tvang

Les også: Her tek ordføraren den første reformpraten

Blant dei spurde i meiningsmålinga er det fleirtal for tvang blant dei som oppgir å stemme på Høgre og Venstre, mens berre 40,8 prosent Frp-veljarane er for tvang.

– Eit massivt fleirtal av befolkninga ser at det er uklokt å slå saman kommunar med tvang og vil la folkestyret fungere. Det bør vere ei påminning for regjeringspartia, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til avisa.

Til toppen