Sogndal: Det viser ei undersøking som Kommunal Rapport har gjort blant 1.245 lokalpolitikarar landet rundt.
35 prosent av dei spurde synest fylkesmennene har tilrådd eit passe tal samanslåingar til våren. 23 prosent meiner enda fleire kommunar burde ha vorte slått saman. 31 prosent meiner på si side at det blir tatt for hardt i, mens 11 prosent er usikre.
At 58 prosent meiner at tilrådingane frå fylkesmennene er bra eller for varsame, er stikk i strid med kva Ap og Sp prøver å gi inntrykk av, slår leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), fast overfor NTB.
– Ap og Sp prøver å gi inntrykk av at kommunereforma er ei reform som blir pressa på kommunane. Sanninga er derimot at det er kommunane sjølve som har bedt om kommunereforma, noko tala òg viser, seier Njåstad.
Han konstaterer at kommunereforma har støtte blant lokalpolitikarane i landet og trur dei fleste er einige i at færre og større kommunar er det som må til for at kvaliteten på tenestene skal bli betre.
- Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta
– Eg håper Arbeidarpartiet lyttar til sine eigne lokalpolitikarar og ordførarar og blir med på å støtte kommunereforma i sluttspurten, seier Njåstad. (©NPK)