NÆR HEIMEN: Nærprinsippet betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert.
NÆR HEIMEN: Nærprinsippet betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. (Foto: Arkiv)

Fleirtalet i hovudutvalet vil at alle skal få gå på skule nær heimen

Ap, Sp, SV, KrF og MDG la fram forslag om at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur. Høgre og FrP stemde imot nærskuleprinsippet.

Sogn: Hovudutval for opplæring og kompetanse handsama saka 13. mai, og fleirtalet ønskte at alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur. Det skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.  

Fylkestinget skal vedta saka til hausten. I tilrådinga gjekk fylkesrådmannen inn for at Vestland fylkeskommune skal delast inn i dei to inntaksregionane Hordaland og Sogn og Fjordane.

Vidare gjekk forslaget ut på at karakterar skal avgjera kva skule og utdanningsprogram elevane kjem inn på.

Alle skal få gå på skule nær heimen

I møtet føreslo samarbeidspartia Ap, Sp, SV, KrF og MDG at fylkeskommunen heller skal følgja det såkalla nærskuleprinsippet.

– Nærskuleprinsippet handlar om at me ønskjer å ha eit meir rettferdig inntakssystem som ikkje berre baserer seg på karakterar, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Nærskuleprinsippet

  • Alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur.
  • Alle elevar skal og ha rett til å søke seg til andre skular i Vestland dersom dei ynskjer det.
  • Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert.
  • Ingen elevar skal, ufrivillig, ha urimeleg lang reiseveg. 
  • Alle elevar skal ha rett til å fullføre utdanninga si på den skulen dei startar på. 
  • Rådmannen skal utarbeide eit inntakssystem basert på desse prinsippa. 

Det betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. Fleirtalet ønskjer samstundes at elevar som ønskjer det, skal ha rett til å søkje seg til andre skular i Vestland.

– Me ønskjer òg å gje elevane våre fleire rettar ved at dei får ein rett til å gå på næraste skule, seier Torvanger.

Raudt støtta fleirtalet i utvalet sitt forslag om nærskuleprinsipp, medan representantane frå Høgre og FrP stemde imot.

Eit anna prinsipp i vedtaket frå hovudutvalet er at ingen elevar skal ha ufrivillig lang reiseveg. 

Skal få fullføre på skulen ein startar

Fleirtalet i hovudutvalet ønskjer óg at alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha rett til å fullføra utdanninga på skulen dei startar på. Men det kan vera vanskelig å få til for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

– Me ser nokre utfordringar knytt til yrkesfag ved at alle skulane ikkje tilbyr dei same yrkesfaga, og at det er større spreiing i vifta av ulike vg2-fag, seier Torvanger. 

Utvalet ber difor administrasjonen legga fram forslag til korleis ein kan sikra ein slik rett best mogleg òg for yrkesfag.

Til toppen