OMSTRIDD: Mikael Bruun var ein omstridd prest óg før han kom til Sogndal og Stedje kyrkje.
OMSTRIDD: Mikael Bruun var ein omstridd prest óg før han kom til Sogndal og Stedje kyrkje. (Arkiv)

Fleirtalet i soknerådet rådde mot å tilsetta Mikael Bruun

Heller ikkje bispedømmerådet var samstemde, avslører NRK.

Sogndal: Dei ti medlemmane i bispedømmerådet var ikkje samstemde då dei i fjor vår tilsette Mikael Bruun som sokneprest i Sogndal, skriv NRK laurdag. Dissensen skjedde sjølv om Bruun var einaste søkar til stillinga.

Presten har skapt harme etter at han uttala til NRK at han vil vurdera å slutta om han blir tvinga til å samarbeida med kvinner om nattverd og gudsteneste.

KRITISK: Det er fleire kvinnelige prestar i Sogn prosti. Likevel vurderer Mikael Bruun å slutte som prest om han må samarbeide med kvinnelige kollegaer. Arkivfoto: Bjørn Sølsnæs/Sogn Avis

NRK avslører no at eit fleirtal av Stedje sokneråd motstilte seg kandidaturet til Bruun i eit brev til bispedømmerådet før tilsettinga. Dei var kjende med at Bruun hadde vore ein kontroversiell figur som vikarprest i Nordreisa i Troms. Der gjorde dei det klart at dei heller ønskte at stillinga vart ståande ledig, enn at han fekk jobben.

– Me hadde ei anna innstilling, men tok han sjølvsagt godt i mot, seier soknerådsleiar i Stedje, Astrid Hove, til NRK.

Bruun har vist til både bibelen og norsk lov når han forsvarar retten til å reservera seg mot å leia gudstenester saman med kvinner.

– Likestillingslova opnar for det me kallar sakleg diskriminering i nokre tilfelle. Dette handlar ikkje om kvinnesyn, men det handlar om det me kallar embetsteologi. Altså teologien om kven som kan vera prest utifrå dei kriteria som bibelen gir, har han sagt i intervju med NRK

Til toppen