SA JA: Fleirtalet i formannskapet sa tysdag ja til ei omregulering av Hydroparken og ei etablering av eit næringsbygg i parken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SA JA: Fleirtalet i formannskapet sa tysdag ja til ei omregulering av Hydroparken og ei etablering av eit næringsbygg i parken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fleirtalet seier ja til utbygging i Hydroparken

Arbeidarpartiet vil gå inn for ei etablering av eit handelsbygg i Hydroparken, medan Senterpartiet er delt. 

Årdal: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) varsla at hennar parti kjem til å seie ja til at Hydroparken vert omregulert slik at Handelsbygg kan byggje eit næringsbygg med mellom anna Europris i.

– Me meiner dette vil styrke handelen i kommunen og at fordelane er større enn ulempene, sa ho då saka låg på bordet til formannskapet tysdag.

Etter ein oppheita debatt gjekk fleirtalet, fire mot tre røyster, i formannskapet inn for å omregulere parken som Hydro eig i dag. Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret seinare i november.

Senterpartiet delt

Som venta, røysta Sandra Opheim (MDG) imot, så Ap var dermed avhengig av ei røyst frå Senterpartiet. Det fekk dei frå Bjørn Havro, medan Erling Offerdal og Hilde Horpen røysta imot. 

– Ein må vega opp kva som er viktigast for Årdal, og for min del trur eg slike etableringar er viktige fordi det vil gi drahjelp for vidare etableringar. Saka er også komen så langt at ein burde diskutere reguleringa meir enn etableringa. Seier ein nei til ei etablering, er det ganske alvorleg, forklarar Havro til Porten.no. 

– Dette er ei sak som er viktig for heile Årdal. Me har sett at innbyggjarane er delte, og det er det også innad i gruppa vår, fortalte Horpen, medan partikollega Offerdal forklarte kvifor han kom til å seie nei.

– Me veit ikkje korleis det vil slå ut med desse arbeidsplassane. Eg meiner også at me har lite areal frå før i bygda, og difor kan det vere lurt å spare det til me ser korleis behovet utviklar seg i kommunen.

– Ofrar Hydroparken berre éin gong

Opheim la vekt på at ein ikkje måtte begrense debatten til å handle om ein akebakke eller klatrepark. 

– Det kjem tydeleg fram av saka at området har ein stor verdi for nærmiljøet. Hydroparken ofrar me berre éin gong. 

Opheim la også fram eit framlegg om at kommunen avviser regulringsplanen då kommunen ønskjer bevare hydroparken som grønstruktur, eit framlegg berre ho røysta for. 

Leiaren for Miljøpartiet Dei Grøne stilte også spørsmål ved kvifor definisjonsspørsmålet kring friområde var lagt vekt på i saksutgreiinga frå rådmann.

– Når det gjeld reguleringsføremålet parkbelte i industriområde, er det vesentleg for vurderinga kva ein gjer inn mot rikspolitiske retningslinjer og fullverdige erstatningsareal. Hadde området vore eit friområde, ville det ikkje vore tvil om fullverdig erstatningsareal, forklarte sakshandsamar Johannes Henrik Myrmel.

– Kommunen eig ikkje området

Hilmar Høl minna om at parken ein gong var tenkt til å fungere som ein tilkomst til Sognefjellstunnelane, som Årdal og Luster har jobba hardt for å få på plass. 

– Me eig ikkje området. Det er Hydro sitt. Det finst ikkje fredningsvedtak. Det er eit grøntareal i industriområde. Det er tankar om ein ny Å4 (elektrolysehall for Hydro red. anm.) i nærleiken av der folk bur, der me ville ha veg gjennom parken og bru over elva. Kva har endra seg? At det kjem eit bygg. Det er ein stor aktør som vil etablera seg i Årdal, og som kan vere med og fremja handelen.

– Dette er eit område som ikkje er freda, og der aktørane sjølv er samde. Difor seier eg tvert ja. 

Til toppen