Aurland: E16 Flenjatunnelen i Flåm, Aurland kommune, er stengt grunna røykutvikling i ein personbil, det meldte vegtrafikksentralen på Twitter klokka 14:38.
Tunnelane er no opne att for fri ferdsel etter bilberging.
Røykutvikling i bil
– Me fekk melding om røykutvikling i ein personbil, og cirka fem minutt seinare blei det konkludert med at røykutvikling hadde stoppa. Det er ikkje snakk om brann, seier Kjetil Larsen på vegtrafikksentralen.
I tillegg til at Flenjatunnelen er stengt, har dei òg stengt Gudvangatunnelen.
– Me gjorde det for å sleppe opphoping av bilar i Gudvangatunnelen, og tok føre var-prinsippet, seier Larsen.