STENGT: Flenjatunnelen er stengt etter ei trafikkulukke.
STENGT: Flenjatunnelen er stengt etter ei trafikkulukke. (Foto: Arkiv)

Flenjatunnelen opna igjen etter ulukke – tre personar sende til sjukehus for sjekk

Ingen av dei involverte er alvorleg skadde.

Aurland: Flenjatunnelen på E16 i Aurland kommune er stengt etter ei ulukke inne i tunnelen. 

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.57, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen. 

– Det er ei påkøyrsle bakfrå. To bilar er involverte og minimum tre personar. Alle skal vere vakne og tilsnakkandes, og det er førebels ikkje meldt om alvorlege personskadar, seier Knappen. 

Politet melder på Twitter om kø i begge retningar. 

Klokka 17.40 melde politet at det ikkje er meldt om alvorlege personskader. Totalt var tre personar involverte i ulukka. Bilbergar er på veg til staden. 

Klokka 18.33 melde politiet at dei tre personane som var involverte i ulukka er sende til Voss sjukehus for sjekk. Vegbana er open for normal ferdsel igjen. 

Politiet opprettar sak etter ulukka, men det er ikkje mistanke om rus. 

Til toppen