ATTENDE TIL KRINSLAUPET I DEN VILLE NATUREN: Kvart år er det somme som søkjer Fylkesmannen om å få spreidd si eiga oske i naturen, eller til slektningar eller kjære som har døydd. I fjor fekk Fylkesmannen her i fylket inn klart flest slike søknader for fjella ikring Lærdal.
ATTENDE TIL KRINSLAUPET I DEN VILLE NATUREN: Kvart år er det somme som søkjer Fylkesmannen om å få spreidd si eiga oske i naturen, eller til slektningar eller kjære som har døydd. I fjor fekk Fylkesmannen her i fylket inn klart flest slike søknader for fjella ikring Lærdal. (Foto: Snorre Sandemose )

Flest søknader om oskespreiing i lærdalsfjella i fjor

I fjor var det fleire søknader om oskespreiing til fjells enn til sjøs her i fylket. Flest søknader fekk fjellheimen i Lærdal.

Lærdal: I 2017 handsama fylkesmannen 28 søknader om oskespreiing, tre færre enn året før. Både i fjor og i 2016 vart alle søknadene utanom ein innvilga. 

Nytt av året 2017 var at dei fleste tilfella av oskespreiing gjaldt fjella i Lærdal kommune.

Heile fem av dei innvilga søknadene frå i fjor var nemleg for oskespreiing i fjellheimen omkring lærdalsbygda. Og Lærdal var faktisk den einaste kommunen i fylket der det vart innvilga fleire enn to slike søknader.

Av dei 28 tilfella det vart gjeve løyve til, gjaldt 19 av tilfella spreiing på land, medan åtte tilfelle gjaldt oskespreiing i sjøen. I forfjor, derimot, var det flest søknader om oskespreiing til sjøs, hovudsakleg i det opne havet ved kystkommunane. Flora kommune var då den kommunen der flest ordna med eit siste farvel av dette slaget, anten for seg sjølve eller for ein av sine kjære.

Klare lover om korleis oskespreiing skal gå føre seg
Ein lyt søkja Fylkesmannen i det aktuelle fylket om å få spreidd oska for vinden eller i vatn. Fylkesmannen set vilkåra.

Etterlatne kan søkja, eller ein kan søkja sjølv medan ein enno lever.  

Porten.no snakka med Ove Midtbø, rådgjevar på Fylkesmannen sitt kontor, om dei gjeldande reglane. 

I HAV, SJØ ELLER INNSJØ: Oske kan spreiast i fjella, som i dessa fjella ved Lærdal. Eller i hav, sjø, fjord eller innsjø, i ei vassoppløyseleg urne.  Bilde:Snorre Sandemose

– Kva for seremoni kan ein laga til når ein skal spreia oska til ein av sine kjære anten i sjø eller til fjells?

– Det er den eller dei som skal gjennomføre oskespreiinga som bestemmer kva for ein seremoni det skal vera.

Lova er tydeleg på at alt må gå føre seg på sømeleg vis. Den som gjennomfører handlinga kan fastsetja nærare innhald og omfang av seremonien. Handlinga skal skje på ein tilstrekkeleg aude plass, og uvedkomande skal ikkje vera i nærleiken. Det må skje langt unna busetnad, til dømes i skogen eller på fjellet, eller til sjøs.

All oska må spreiast for vinden samstundes, eventuelt seinkast i sjøen i ei einaste vassoppløyseleg, nedbrytbar urne. Det er ulovleg å spreia oska i fleire omgangar. 

 – Og so er det i utgangspunktet ikkje lov å spreia oska på innmark, heller ikkje på eigen eigedom, ettersom det ofte vert for nært bygningar eller busetnad.  

– Det var eitt tilfelle der ein søknad om oskespreiing vart avvist her i fylket både i fjor og i forfjor, kva kom det av?

– Det vart søkt om å spreia oska for nært bygningar eller privat eigedom. Lova opnar ikkje for å gje løyve til oskespreiing i område som kan få karakter som ein uoffisiell gravstad. 

Det skal heller ikkje finnast spor i fjellet eller skogen etter den avlidne.

Oska vender attende til krinslaupet ho har kome ifrå, og dei etterlatne vil minnast den avlidne utan å ha noka innskrift å sjå etter. 

– Den som ynskjer seg eit gravminne lyt velja seg tradisjonell gravferd, slår Midtbø fast.

Det er kulturdepartementet som har sett fram desse lovene, via fagdepartementet. Lovene vart reviderte i 2012. 

Det er òg mogleg å få oska si gravlagt i vigsla kyrkejord

På kyrkjekontoret i Årdal fortel kyrkjeverje Ruth Jane Øren om praksis ved kremasjon i kyrkjeleg gravferd. Det er ikkje slik at kremasjon er uforeinleg med den lutherske kyrkja si lære. 

– Den avlidne kan verta lagt i ei kiste før gravferda, og so er kista i kyrkjeromet i gravferda på same vis som dersom det skulle vera jordfesting. Eller so vert gravferdsseremonien stelt i stand fyrst etter kremasjon. Urna med oske står då i kyrkjerommet under gravferda, før ho vert seinka i vigsla jord på kyrkjegarden.

Det vert i praksis som ei vanleg, kristeleg gravferd. Og det er sjølvsagt strenge reglar også her for at urna skal vera av oppløyseleg, nedbrytbart materiale. 

Øren minner so om at det faktisk òg finst ein eigen kyrkjegard i Øvre Årdal med oskeurner, utan at det er nokre gravminne der.

– På Farnes nye kyrkjegard er det ein umerka urnelund der ein ikkje får setja opp gravstein. 

Den er for dei som ikkje ynskjer namnet sitt fest til nokon minnestein, på same vis som dei som heller lèt oska blåsa for vinden i fjella.

Til toppen