TUNNELBRANN: Dei fleste tunnelbrannane her i landet skjer med tunge køyretøy i nokre få bratte tunnelar, viser ny rapport.​ Foto: Arne Veum / NTB scanpix / NPK.
TUNNELBRANN: Dei fleste tunnelbrannane her i landet skjer med tunge køyretøy i nokre få bratte tunnelar, viser ny rapport.​ Foto: Arne Veum / NTB scanpix / NPK.

Flest tunnelbrannar med tunge køyretøy

Dei fleste tunnelbrannane her i landet skjer med tunge køyretøy i nokre få bratte tunnelar, viser ny rapport.

  • Endret

Aurland: – Tryggleiken i norske tunnelar er generelt god. Men det er ingen grunn til å leggja skjul på at viss den rette ulykka skjer, så er katastrofepotensialet til stades. Denne rapporten viser tydeleg at bratte tunnelar er ei utfordring vi må ta særleg på alvor, seier Harald Buvik, sjefingeniør ved Tunnel og betongseksjonen i Vegdirektoratet. Det skriv Statens vegvesen.

Rapporten, som er laga av Transportøkonomisk institutt, viser at det var til saman 303 brannar og tilløp til brannar frå 2008 til 2015. 

Dei fleste tunnelbrannane skjer med tunge køyretøy i dei bratte tunnelane. Tekniske problem med køyretøyet var den vanlege årsaka. 

Buvik seier Vegvesenet no vil vurdera om dei kan forsterka innsatsen ytterlegare for å hindra brann i dei bratte tunnelane. 

– Klarer vi å førebyggja brannar i dei ganske få, men bratte tunnelane, kan vi unngå veldig mange tunnelbrannar, seier han. (©NPK)

Til toppen