KONSENTRERT: SIv Berit Molland flettar festivalflette på Anja Sandvik.
KONSENTRERT: SIv Berit Molland flettar festivalflette på Anja Sandvik. (Foto: Linda Watten)

Fletta hår til inntekt for Kreftforeningen: – Fint at det går til ei god sak

I ei flettebod under Lustramarknaden fekk alle som ville det ei flette i håret samstundes som dei støtta Kreftforeningen.

Luster: – Eg betalar lett for ei flette når det går til ein god sak, seier Andrea Berget medan ho ventar på tur. Dette er andre dagen ho får fletta håret og gjev pengane for det til Kreftforeningen. 

Har lært alt sjølv

Det er Siv Berit Molland, frisør på salongen Pyramiden Frisør i Gaupne som står for flettinga denne dagen. Ho har mykje erfaring og full kontroll. 

AVANSERT: Ei av flettene Siv Berit tilbyr kundane sine. Foto: Siv Berit Molland

– Eg har lært meg å fletta sjølv og så likar eg å fletta folk då. Fletting er noko mange vil greia sjølv men ikkje alltid får til, dermed er det moro å få fletta håret til folk og få dei til å føla seg ekstra fine, seier ho. 

Intiativ frå arrangørane av Lustrabalder

Ideen til ei flettebod kom frå arrangørane av festivalen Lustrabalder.

– Dei ville at folk skulle få kjøpe seg ei festivalflette og då fann me ut at i staden for å ta betalt for det ville me gje alle pengane me får inn til Kreftforeningen. 

Val av organisasjon som skulle få pengane var enkel for Molland og frisørane ved salongen. 

– Det er så mange her i Luster som er råka av kreft så difor valde me å støtta kreftforeningen denne gongen. Pengane me får inn for flettinga går til ei god sak. 

Flettar seg til fest 

Anja Sandvik er òg ei av mange som er på plass for å bli flettefin denne dagen. 

– Eg skal på fest i kveld og det er no greit å sleppa å gjera det sjølv, seier ho, og er klar på kva flette ho ynskjer for kvelden.

Også Berget veit kva ho vil ha.

FLETTEFIN: Andrea Berget får to fletter før håret blir pensla i glitter. Foto: Linda Watten

– Eg vil ha alt håret vekk og to fletter på kvar side. 

– Og så skal du få glitter oppi, seier Molland og syner fram ein boks med sølvfarga glitter. 

– Det er berre ungar som vil ha glitter i håret men du skal få masse glitter i skillen mellom flettene. Det har eg hatt så lyst til å prøve på nokon no, seier ho og smiler. 

Til toppen