Flåm: Musikar og komponist Gabriel Fliflet legg denne helga saman med folkemusikarane Kirsten Bråten Berg og Anders Røine ut på turné med konserten «Rose» med songar av Robert Burns.
Konserten vart laga på bestilling frå Vossajazz og vart urframført under jazzfestivalen i mars. Fliflet har i «Rose» laga ny musikk til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns. Verket har fått namn etter songen «Red, Red Rose», som er den mest kjente songen til Burns ved sida av «Auld Lang Syne».
No legg altså Fliflet, Bråten Berg og Røine ut på vegen med konserten på Vestlandet. Første stopp blir på Nynorske litteraturdagar i Flåm fredag 21. oktober og dei neste i Hemsedal, Bergen, Frekhaug, Suldal og Øystese. Vekesturneen endar på Hardanger Folkemuseum i Utne fredag 28. oktober.
Den 7. april neste år står «Rose» på programmet på Riksscenen i Oslo.