GOD START: Martin Ramsland sytte for ein god start på opningskampen i Tippeligaen 2017 med sitt kontante 1-0-mål. Men derifrå og inn vart det tungt for sogndølene, og Sarpsborg 08 vann til slutt 3-1. Arkivfoto
GOD START: Martin Ramsland sytte for ein god start på opningskampen i Tippeligaen 2017 med sitt kontante 1-0-mål. Men derifrå og inn vart det tungt for sogndølene, og Sarpsborg 08 vann til slutt 3-1. Arkivfoto

Flo: – Ikkje bra måten måla kjem på

Det vart tap i opningskampen av Tippeligaen for Sogndal. Sportsleg leiar, Håvard Flo, tek med seg mykje positivt, men likar ikkje at Sarpsborg 08 fekk to enkle dødballmål

Sarpsborg: – Me møter eit veldig godt heimelag. Det var me førebudde på. Dei har svært godt ballspel; gode teknikarar som er flinke med ball. Me står relativt bra mot og får ei fantastisk scoring i ein periode me blir trøkka litt. Då var det optimisme og entusiame, seier Flo.

For, trass i at heimelaget hadde dei første sjansane, var det Sogndal som gjekk opp i leiinga på Sarpsborg stadion. Martin Ramsland breisida ballen kontant og utagbart bak dei blåkledde sin sisteskanse Anders Kristiansen etter eit skrått, lågt innlegg frå Bendik Bye etter kvarteret.

Men det skulle ikkje vara veldig lenge; sarpingane pressa på og fekk hòl på byllen etter ein halvtime. Sigurd Rosted ekspederte ein corner inn frå venstre med pannebrasken.

– Kunne ha vorte spennande på slutten

1-1 til pause, og få minuttar ut i 2. omgang heldt Sogndal igjen på å gå opp i ei heldig leiing; duoen Bye-Ramsland på topp ser ut til å vera ein god kombinasjon, og sistnemnde heada eit innlegg frå førstnemnde i stolpen.

Men akkurat i det Sogndal var på veg inn i kampen punkterte langt på veg Sarpsborg det heile i løpet av ti minuttar. Først sette Kristoffer Zachariassen inn 2-1 frå kort hald etter 55 minuttar, og ti minuttar seinare var igjen Rosted sterk i lufta og heada inn 3-1.

Det vart også sluttresultatet og Sogndal måtte reisa heim utan poengfangst i opningskampen.

– Sett under eitt var Sarpsborg svært gode, med høgt nivå på pasningsspelet. Me får to dødballmål mot og då er det vanskeleg å vinna fotballkampar, seier Flo.

Les også: Vårt tabelltips: Difor rykker Sogndal ned i år

Les også: Furebotn: – Eit frykteleg dårleg tips

Nettopp at Sogndal – som har vore kjent for eit robust og fysisk sterkt forsvar – slepp til Sigurd Rosted på hovudet to gonger er noko Flo ikkje likar.

– Det er ikkje bra måten måla kjem på. Her har me mykje å jobba med. Men me har to i treverket, så det kunne ha vorte spennande på slutten. Gutane legg ned ein god innsats, då er det surt med to slike mål mot. Me må heim og øva, enkelt og greitt.

– Enkeltsituasjonar blir svært avgjerande

Bendik Bye og Martin Ramsland har funne tonen på topp og skapte stort sett det som var av sogndalsjansar. Før sesongen har det vorte stilt spørsmålsteikn ved om ikkje Sogndal er betydeleg svekkja bakover etter at den finska klippa Hannu Patronen forsvann etter endt fjorårssesong.

– Bekymrar forsvarsspelet deg?

– Det er enkeltsituasjonar som blir svært avgjerande i denne kampen. Me angrip som lag, og me forsvarar oss som lag. Me gjer mykje bra og har mykje giftigheit framover. Men jo, me må forsvara oss betre.

– Ikkje heilsvart trass tap, med andre ord? 

– Nei, nei, det tykkjer eg ikkje. Det er surt at me slepp inn to til tre veldig enkle mål. Me kom ikkje hit for å spela sambafotball, me kom hit for å spela ein kamp med god struktur. Og det tykkjer eg me langt på veg får til.

Til toppen