LOKALDERBY: Florø og Stimen vitja Fosshaugane Campus sundag, noko som enda i nederlag for sogningane.
LOKALDERBY: Florø og Stimen vitja Fosshaugane Campus sundag, noko som enda i nederlag for sogningane. (Foto: Rune Sjøberg)

Florø grusa Sogndal i lokaloppgjeret

Sogndal tok leiinga etter 10 minutt. I 2.omgang vakna gjestane og visa at dei meina alvor.

Sogndal – Florø 2 – 3

I 20.runde av OBOS-ligaen fekk Sogndal besøk av Florø. Då laga møttes sist vann sogningane 2-1, men kystlaget leia statistikken med to sigrar av tre spelte kampar.

Sist runde tapte Sogndal mot Strømmen, og Florø gjekk på tap mot Aalesund. Det sendte Strømmen forbi Florø som enda på direkte nedrykksplass, medan Sogndal ramla ned frå ein 2. til ein 4.plass.

Det var ein viktig kamp for begge lag der Florø kjempa for å halde seg på det nest høgste nivået i landet, og Sogndal jakta opprykk. 

Sogndal – Florø: 2 – 3

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Steinar Hauge
Arena: Fosshaugane Campus, Sogndal

Mål: 1–3

Sogndal: Haugen

Florø: Hove (2), Ndour

Cornarar: 

Sogndal: 11

Florø: 5

Gult kort:

Sogndal: Haugen, Wæhler

Florø: P. Aase, Gjermundstad,

Lagopstilling Sogndal

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)

2. Akeem Latifu

4. Kjetil Wæhler

5. Nikita Baranov

14. Ole Martin Rindarøy

7. Eirik Schulze

8. Eirik Birkelund

6. Bjørn Helge Riise (80, Lars Christian Kjemhus)

24. Sixten Jensen (84, Joachim Soltvedt) 

23. Trond Olsen (67, Ulrik Flo)

18. Sigurd Haugen

Sogndal i leiinga etter 10 minutt

Etter spelte 10 minuttar var det litt sparring mellom dei to vestlandslaga.

Men så snappa Jensen ballen, og kryssa Florø si midtbane. Han fann Haugen med ein brilliant pasning, som plasserte ballen rett i mål. Sogndal i leiinga. 

Nysignerte Riise viste styrke og takla florøspelar Christer Husa rett framfor benken til Sogndal etter 30 minuttar spel.

Dommar blas frispark til Florø, noko Bakke tydeleg var misnøgd med. 

Florø utlikna

 Mål til Florø etter ein flott corner av Otar Javashvili. Florø samlast i boksen, og Hove står støtt som eit fjell og heada ballen rett i mål.

Litt overraskande at Florø fekk utlikna, men Sogndal la seg lågt i bana etter skåringa i 10.minutt.

Før pause kom Rindarøy med innlegg til Riise som fekk ein god sjanse som enda i ein sleiv. Etter press av Husa sette han ballen utanfor. Ein mogleg draumedebut for nysignerte Riise.

1-1 til pause. 

Florø knallsterke

I andre omgang visa bortelaget at dei meina alvor.

I 52.minutt kom Peter Aase med ein knallert av ein corner som trefte målskårar Runar Hove på heilt same vis som ved 1-1 målet. Hove stod sterkt i boksen og heada ballen rett i tverren og ned. Dyngeland sjanselaus.

Ti minutt seinare var det Alioune Ndour som sette ballen i mål, då Florø vann duellane etter innkast. Florø sin forsvarspelar Vegard Gjermundstad sendte ballen til Ndour med ein stuss stanga ballen i hjørnet til Dyngeland. Eit flott spel av gjestane. 

Sluttminuttane er harde for Sogndal. Dei verka noko daffe, trass i at dei var betre spelmessig. 

I siste minutt av dei fem tilleggsminuttane, knusa Schulze til med eit mål for Sogndal etter målgivande frå Haugen, like før dommaren blas av. 

Til toppen