ÅRSKONSERT: Årdalstangen musikklag framførte blant anna hovudstykke "Fate of the gods" på laurdagens årskonsert. Foto: Kaja Nygård
ÅRSKONSERT: Årdalstangen musikklag framførte blant anna hovudstykke "Fate of the gods" på laurdagens årskonsert. Foto: Kaja Nygård

Flott og variert årskonsert

Laurdag kveld kunne Årdalstangen musikklag ynskje velkommen til den tradisjonelle årskonserten. Dette er årets musikalske høgdepunkt for musikklaget.

Årdal: Årdalstangen musikklag har alltid konsert på denne tida av året. Nytt i år var at dei hadde med seg Idar Torskangerpoll som gjestedirigent. Samt gode hjelparar frå nabokorpsa. Dette hadde dei gjort fordi dei ville prøve seg på musikk som krev ei større besetning enn det dei normalt har.

Kveldens hovudverk var musikkstykket "Fate of the gods". Det skulle beskrive ragnarock og presentere noko skummelt, vakkert og romantisk.

Variert program

Musikklaget kunne presentere eit variert program. Dei starta kvelden med marsjen "Barnard Castle" av Goff Richards.

–Me håpar dykk blir begeistra og får lyst til å dansa og plystre. Slik introduserte gjestedirigenten første stykke.

Vidare kunne musikklaget by på "Klarinettpolka" med Hilde Horpen som solist,  til afrikanske tonar med "Doo Be Doo". Salmen "O Herre, la mitt øye få se", var eit roleg innslag, medan poplåten "All about that bass" fekk salen til å svinge. Her var det musikk for kvar ein smak.

Artikkelen held fram under biletet. 

KLARINETTPOLKA: Hilde Horpen framførte ein fin polka.
KLARINETTPOLKA: Hilde Horpen framførte ein fin polka.

"Tangingen" er eit musikkstykke som musikklaget er stolt av, og likar å framføre. Dette var også eit populært innslag, der publikum klappa med.

Unge musikantar  

Aspirantane i Tangen Skulemusikk framførte «Spania». Dei hadde fått god opplæring av musikalsk leiar Ben Hirons. Han synes dei var flinke og kunne meddele at barna er framtida i musikken.

Ben Hirons spelar trompet og var solist på stykket "Facilita" av J. Hartmann/F. Mortimer. Dette er eit musikkstykke med høg vanskelighetsgrad som han utførte med glans.

Artikkelen held fram under biletet. 

MUSIKK: Ben Hirons var solist på musikkstrykket "Facilita".
MUSIKK: Ben Hirons var solist på musikkstrykket "Facilita".

Marie Johansen debuterte som dirigent på stykket "Highland Cathedral". Medan Hilde Horpen dirigerte eit anna stykke.

– Det er viktig at dei unge får prøve seg, sa gjestedirigent Idar Torskangerpoll.  

Avslutningsvis vart Marie, Hilde, Ben og Idar heidra med blomar etter ein vellukka konsert.

Eit nøgd publikum kunne gå plystrande heim etter å ha fått med seg eit allsidig program frå Årdalstangen Musikklag. 

TANGEN SKULEMUSIKK: Flinke aspirantar i Tangen Skulemusikk fekk skryt for sin opptreden.
TANGEN SKULEMUSIKK: Flinke aspirantar i Tangen Skulemusikk fekk skryt for sin opptreden.
Til toppen