UNDER OPPVARMINGA: Like før eit forventningsfullt publikum var klare til å gå i kyrkja varma musikklaget opp. Den proffe dirigenten Suzan Erens leiar oppvarminga òg.
UNDER OPPVARMINGA: Like før eit forventningsfullt publikum var klare til å gå i kyrkja varma musikklaget opp. Den proffe dirigenten Suzan Erens leiar oppvarminga òg.

Flott stemning på julekonserten i Hauge kyrkje fredag

Fredagens konsert i Hauge kyrkje var populær blant lærdølene, og kyrkja var nesten fullsett. 

Lærdal: – Lærdal har mange dyktige artistar, so me treng ikkje fara langt av stad for å få ei god musikkoppleving, seier Magnhild Aspevik.

FIN STEMNING ALT FØR PUBLIKUM KOM INN: Det var fin adventsstemning både i og omkring Hauge kyrkje fredags kveld.  
FIN STEMNING ALT FØR PUBLIKUM KOM INN: Det var fin adventsstemning både i og omkring Hauge kyrkje fredags kveld.   Rolf Engløkk

Ho er leiar i musikkforeininga i Lærdal og var full av lovord om alle dei som hadde medverka til konserten.

Proff dirigent og songarinne

– Konserten vart heilt topp. Og dirigenten vår er ein gullstrupe av rang. Ho var framme og song to nummer, Nordnorsk julesalme og Himmelen i min favn, og du kan tru det var flott, seier Erling Arvid «Elle» Hovland, ein av musikantane i musikklaget. 

Dirigenten han snakkar om, Suzan Erens, fekk stor applaus frå publikum då ho hadde sunge dei to nummera. 

– Det var ein fin konsert, og alle skryt av kor flott det var. Me tykte også sjølve at det gjekk bra. Og eg må seia det at me er verkeleg heldige som har Suzan som dirigent, seier Hovland.

Han seier ho ikkje nett er nokon sundagsskuleartist, med tanke på alt ho har oppnådd av verdsturnear og plateutgjevingar. 

DIRIGENTEN: Lærdal musikklag er so heldige å ha Suzan Erens som dirigent. Ho har reist verda rundt som solist i symfoniorkester og sunge stykka til mange store komponistnamn.  Arkivbilete
DIRIGENTEN: Lærdal musikklag er so heldige å ha Suzan Erens som dirigent. Ho har reist verda rundt som solist i symfoniorkester og sunge stykka til mange store komponistnamn. Arkivbilete Arkivbilete

– Og so er ho so menneskeleg, triveleg og passeleg sprø nok til å vera med oss. Ho fortener ros, seier Hovland.

Spelte solo på stortromma

Hovland, som stod for noko so sjeldant som ein stortrommesolo under konserten, seier dei har det kjekt i Lærdal musikklag.

– Du må ha det kjekt, og då kjem resten av seg sjølv.  

Det er kollega av Elle Hovland i musikklaget, Rolf Engløkk, som nemner at Hovland hadde stortrommesolo.

Engløkk ville òg særleg framheva dei flotte soloane til flygelhornspelar Venke Sjursen og pianist Synne Bentås.

Og han tykte at dei fine framføringane til kulturskuleelevane var med på å trekka opp konsertopplevinga for alle som var i kyrkja. 

Engløkk tykte òg det var ei fantastisk flott oppleving å avslutta konserten med allsong, tradijsonen tru, Fager er jordi. 

 
Til toppen