TRIST DAG: Mottaksleiar Dag Olav Osen (i grøn gensar) og bebuarane Mohammed Albokai, Nabel Albokai og Khaled Khalaf er lei seg for at mottaket i Sogndal snart er historie.
TRIST DAG: Mottaksleiar Dag Olav Osen (i grøn gensar) og bebuarane Mohammed Albokai, Nabel Albokai og Khaled Khalaf er lei seg for at mottaket i Sogndal snart er historie. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Flyktningemottaket i Sogndal blir lagt ned

Mottaket har 140 plassar, men UDI har bestemt at dei ikkje lenger treng dei. Ordføraren tykkjer det er trist, men er ikkje overraska.

Sogndal: UDI har bestemt seg for å leggja ned det statlege asylmottaket i Sogndal, det melder NRK i dag. Mottaket har vore i drift sidan 2001, har sju tilsette og plass til 140 bebuarar.

Årsaka til nedlegginga er at talet flyktningar som kjem til Norge har minka dramatisk.

– Nokre mottak måtte leggast ned, men me hadde håpt at det ikkje vart oss. Så når me fekk meldinga i går, er det klart me vart triste og litt skuffa, seier mottaksleiar Dag Olav Osen til Porten.no.

Alle bebuarane må flytta til nye mottak

Han seier avviklinga blir omfattande. Innan tre månader skal mottaket i Sogndal vera historie. Fleire av bebuarane har budd i bygda i mange år, men må no finna seg i å bli flytta til nye mottak. Kor det blir er ikkje bestemt enno.

– Han som har budd her lengst kom til Sogndal i 2003. Å flytta han er ikkje enkelt, for han har heile livet sitt her. Mange andre òg har budd her i åtte-ti år som asylsøkarar og laga seg ein liten heim her. Den blir broten opp, vennskap blir brotne opp og dei går inn ei tid med uvisse, seier Osen.

IKKJE OVERRASKA: For ordførar Jarle Aarvoll var ikkje nedlegginga heilt uventa.  Foto:  Halvor Farsund Storvik/arkiv

Som ein konsekvens av nedlegginga må han og dei andre tilsette no finna seg nye jobbar.

– Me er veldig triste

For Mohammed Albokai, Nabel Albokai og Khaled Khalaf kom meldinga som eit sjokk.

– Me er veldig triste og håper me får det like fint som me har hatt det her på mottaket når me må flytta, seier bebuar Mohammed Albokai.

Han og broren fekk opphald for ei veke sidan og ventar berre på å få vita kvar i landet dei skal ta til på neste etappe livet. For dei som har budd på mottaket i fleire år og enno lever i uvissa, trur dei beskjeden blir enno tyngre.

– For dei blir det tøft, men òg for meg er det ein trist dag, seier Nabel Albokai.

Ordførar Jarle Aarvoll seier til NRK at mottaket har fungert godt, det same har samarbeidet med kommunen. Likevel var ikkje nedlegginga uventa.

– Talet på flyktningar til Norge går stadig nedover. Det har jo blitt lagt ned rundt hundre mottak rundt om i landet det siste året. Så dette er ikkje overraskande, men det er likevel trist, seier ordføraren.

Til toppen