TOMMEL OPP: På turen ned Flåmsdalen fekk Abduljabbar Alammouri og resten av flyktningane oppleve det norske stølslivet på nært hald. Foto: Bengt Erlend Skjerdal.
TOMMEL OPP: På turen ned Flåmsdalen fekk Abduljabbar Alammouri og resten av flyktningane oppleve det norske stølslivet på nært hald. Foto: Bengt Erlend Skjerdal.

Flyktningane fekk smaken på norsk stølsliv

I samarbeid med flyktningetenesta inviterte nyleg Nærøyfjorden Verdsarvpark flyktningane i Aurland med på ein tur i Flåmsdalen.

Aurland:  Det vart ein suksess og no kan det bli fleire slike turar.

KJOSFOSSEN: Bak frå venstre: Ahmed, Iman Aljundi, Bisher Aldandashi med Abdelaziz, Abduljabbar Al Ammouri og Maryam Almakkarah med Ammar på armen. Framme: Marah, Nizar og Naya. Foto: privat.
KJOSFOSSEN: Bak frå venstre: Ahmed, Iman Aljundi, Bisher Aldandashi med Abdelaziz, Abduljabbar Al Ammouri og Maryam Almakkarah med Ammar på armen. Framme: Marah, Nizar og Naya. Foto: privat.

– Me synst det var veldig velluka og har fått god respons etterpå. Det står framleis att midlar til slike tiltak hjå parken, så eg tenker me skal få til ein tur att til hausten, seier flyktningekonsulent Linn-Janette Underdal Skarsbø ved Nav i Aurland.

Ho seier turen starta med å ta toget frå Flåm til Vatnahalsen, så var det å følgje Rallarvegen tilbake. Undervegs fekk turgåarane lære om lokal kulturhistorie, norsk natur og dagens bruk av landskapet, alt formidla på norsk, for å sikre det språklege utbytet.

På stølen Rallarrosa fekk dei prøvesmake lokale ostar, geitepølse og pannekaker, medan arrangørane fekk litt syrisk mat som familiane hadde med seg som niste.

– Dei fekk eit godt bilete av området, naturen og kanskje føler dei meir tilhøyrsle til området. Det er ein viktig del av integreringa, seier Underdal Skarsbø.

Ved Blomheller stasjon var det tog tilbake til Flåm. Sjølv om det vart ei forkorta utgåve av turen, var det langt nok for brorparten.

Til toppen