FRILUFTSLIV: 4H ønskjer å bidra til at barn og unge blant flyktningar og innvandrarar blir betre kjende med friluftsliv i nærmiljøet. (FOTO: Inger Robøle Kristiansen / NPK)
FRILUFTSLIV: 4H ønskjer å bidra til at barn og unge blant flyktningar og innvandrarar blir betre kjende med friluftsliv i nærmiljøet. (FOTO: Inger Robøle Kristiansen / NPK)

Flyktningar skal få nye friluftsminne

I fjor arrangerte 4H rundt 20 friluftsarrangement for flyktningar og innvandrarar i heile landet. I år held satsinga fram.

4H-klubbar og 4H-gardar blir no oppmoda til å arrangera nye turar og friluftsaktivitetar i nærmiljøet for å integrera flyktningar og innvandrarar. Målgruppa er først og fremst barn, unge og familiar frå flyktningmottak, heiter det på nettsidene til  4H. 

Lokale 4H-klubbar og 4H-gardar kan søkja om støtte og få opptil 5.000 kroner i tilskot for kvart arrangement.  

I kriteria for å søkja heiter det mellom anna at aktivitetane gjerne kan visa fram lokale friluftsområde slik at flyktningar og innvandrarar blir betre kjende i nærmiljøet. 

4H-klubbar og 4H-gardar blir også oppmoda til å samarbeida med andre lokale organisasjonar. 

Til toppen