MOTIVATOR: Ola Weel Skram har funne seg godt til rette i Edinburgh og universitetet Heriot-Watt, der han no studerer. Her poserer han med statuen av James Watt, den skotske oppfinnaren som mellom anna stod bak avgjerande forbetringar av dampmaskina.
MOTIVATOR: Ola Weel Skram har funne seg godt til rette i Edinburgh og universitetet Heriot-Watt, der han no studerer. Her poserer han med statuen av James Watt, den skotske oppfinnaren som mellom anna stod bak avgjerande forbetringar av dampmaskina. (Bilde: Privat)

Flytta til Skottland for å lære korleis han kan motivere andre

Ola Weel Skram frå Sogndal skulle eigentleg ta master i Bergen, men enda opp i Edinburgh utan ein plass å bu.

Edinburgh: – Eg søkte for ein månad sidan og fekk svar ganske fort. Så hadde eg fem dagar på å pakke saker og ting, så var det rett over, seier Ola Weel Skram.

Det neste året skal sogndølen studere på Heriot-Watt University i Edinburgh, der han skal ta master i businesspsykologi. Det blir eit intenst år med tre semester, mot to år og fire semester som er det vanlege for ein master i Norge. 

– Det blir mykje jobb, men det er det eg likar. Eg prøver å stå opp tidleg og ha lange dagar, seier Weel Skram.

Har alltid drømt om å flytte utanlands

Først budde han på stua hos nokre tilfeldige nordmenn, men no har han endeleg funne seg ei leiligheit i sentrum, der han bur med eit par norske jenter.

– Å flytte til eit anna land er noko eg har drømt om, men ikkje turt å gjere. Det er ein måte å kunne utvikle meg som person, ved å tørre å utfordre seg sjølv og ikkje vere hundre prosent komfortabel heile tida, seier Skram.

Det han ønskjer å drive med er å motivere andre, eller coaching, som det heiter. Den store lidenskapen er musikk og Weel Skram ser ikkje vekk frå at dei to interessene kan kombinerast.

– Vi får sjå etter det året her kva det blir til. Eg har ein bachelor i Bergen eg nesten er ferdig med, så kanskje går eg for ein master i klinisk psykologi, seier han.

Går på same universitet som Kygo

I klassen er det studentar frå 7-8 ulike nasjonalitetar og ei undervisning som skil seg ganske kraftig frå den han er van med frå Norge. Her er ein velutvikla pubkultur, som han òg vil få tid til å lære seg å kjenne.

– Og så er det ein fantastisk by. Det visste jo ikkje eg, hehe, seier Weel Skram.

Som ein kuriositet kan det nemnast at den norske musikaren Kygo òg har gått her. For Weel Skram hadde imidlertid ikkje dét noko innverknad på valet av studiestad.

– Det var eg faktisk ikkje klar over. Får håpe han kjem tilbake for ein intimkonsert, seier han.

Til toppen