FLYTTAR: I haust flyttar Vitusapotek til nye og større lokale i sentrum av Lærdalsøyri. Foto: Ina Eirin Eliassen
FLYTTAR: I haust flyttar Vitusapotek til nye og større lokale i sentrum av Lærdalsøyri. Foto: Ina Eirin Eliassen

Flyttar apotek til større lokale

Vitusapotek flyttar frå Rådhuset og over vegen til nytt lokale i sentrum av Lærdalsøyri denne hausten. 

Lærdal: Etter over 30 år i første etasje på Rådhuset flyttar no Vitusapotek over vegen. Apoteket skal inn i første etasje der butikken E-bo var, og i same bygg som Lærdal Helsesenter og Lærdal tannklinikk. 

Det nye apoteket vil mest truleg opne måndag 16. november. 

– Grunnen til at me no skal flytta er for å få eit større lokale med meir plass til varer og ei betre plassering i sentrum, fortel bestyrar på Vitusapotek i Lærdal,  Đorđe Milanović.

Flyttinga kjem ikkje til å vera til ulempe for kundane. Einaste, laurdagen før nyopninga, vil apoteket stenge ein time tidlegare. 

Milanović forklarar at det enno er for tidleg å seie noko om det kjem på plass eit utvida utval med varer i apoteket, då dei følger bestemmingane til Vitusapotek-kjeden. 

Til toppen