Sogndal: Det seier Olina Kollbotn som er programansvarleg for masteren i organisasjon og leiing. Heilt sidan 2002 har studiet uteksaminert 145 studentar, der over halvparten kjem frå Sogn og Fjordane. Frå i haust kjem dei til å studiestad i Sogndal.
– Me vil prøva å få ta i den marknaden, eller iallfall finne ut om det er ein marknad, her inne i Sogn. Me har hatt forbausande frå studentar frå kommunane i Sogn, tykkjer eg. Kanskje vi også med studiestad Sogndal kan vere eit tilbod til studentar over fjellet – frå områda Fagernes og Gol.
Legg godt til rette
Studiet er samlingsbasert, går over fire år og er retta mot helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing.
– Dette er for leiarar eller folk som ønskjer å bli leiarar. Det er mange som blir leiarar i løpet av studietida også, fortel Kollbotn.
– Dei to første åra går samlingane fredag ettermiddag og laurdag, slik at dei som ikkje får fri av arbeidsgjevar har moglegheit til å delta.
– Givande
Kristine Steindal er ein av studentane på studiet. Ho er i slutten av utdanninga og jobbar til vanleg som konstituert styrar i ein barnehage i Førde. Frå før har ho utdanning som førskulelærar.
– Eg opplevde det som svært givande å få tilført ny kunnskap parallelt med å vere i jobb. Det gav meg glød å få delta på undervisning for så å ta med meg element av dette tilbake til jobb. Ein anna avgjerande faktor var at eg ønskte å koma eit steg vidare i eiga karriere. Å få tilført kunnskap og ha moglegheit til å utvikle meg sjølv var ein motivasjonsfaktor i seg sjølv, seier ho.
For å søke på utdanninga må ein ha avslutta grunnutdanning, minimum tre år, innan dei profesjonsområda studiet dekker. I tillegg må ein ha to år relevant praksis innan eige fagområde. Anders-Otto Plassen er fysioterapeut ved Bedriftshelsetenest1 i Sogndal.
– Om ein jobbar som leiar eller mellomleiar i helsevesenet, innan kommunal forvaltning eller om ein ønskjer å auke kunnskapen om organisering av helsetenestene i Noreg, er dette ei utdanning eg anbefalar, seier han.
Høg grad av gjennomføring
At opptaksstaden no er flytt til Sogndal er nytt av året. Dette er noko dei vekslar mellom annankvart år med opptak i Bergen. Nytt i år er også at studiet har opptak i Haugesund. Dette er eit positivt resultat av høgskulefusjonen.
– Det er eit studie me er godt nøgde med med mange søknader og høg grad av gjennomføring.