FLYTTER PÅ INVESTERINGAR: Rådmann Alf Olsen jr. og sakshandsamar for Lærdal kommune Anne Marie Mo under formannskapsmøtet tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
FLYTTER PÅ INVESTERINGAR: Rådmann Alf Olsen jr. og sakshandsamar for Lærdal kommune Anne Marie Mo under formannskapsmøtet tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Flyttar pengar frå flaumsikring til næringsområde

Det blir ikkje sett i verk flaumsikring av Lærdalsøyri i 2015. 

I investeringsbudsjettet for Lærdal kommune i 2015 tilråda rådmann Alf Olsen jr. å gjere nokre justeringar. Tilråding vart samrøystes vedteken i formannskapet tysdag ettermiddag. 

Frå flaumsikring til næringsområde

Dei 500 000 kronene til prosjektet flaumsikring av Lærdalsøyri, blir flytta til det nye prosjektet opparbeiding av næringsområde Håbakken.

Sakshandsamar Anne Marie Mo fortel at bakgrunnen for dette er at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sagt dei ikkje har moglegheit til å ta flaumsikringa på Lærdalsøyri i år, på grunn av arbeidet etter flaumen hausten 2014. Då det er signalisert at det trengs midlar til opparbeiding av næringsområde Håbakken, er tilrådinga å flytte midlane dit. 

Frå omsorgsbustader til Doktorheimen

I tillegg tilråda rådmannen at prosjekt omsorgsbustadar og ombygginga av Lærdal alders- og sjukeheim blir redusert med ein million kroner. Desse midlane blir overført til det nye prosjektet renovering av Doktorheimen.

I saksutgreiinga går det fram at ombygginga av Lærdal alders- og sjukeheim er i oppstartsfasen og at det ikkje er realistisk å gjere heile investeringa i 2015. Det er også viktig at den naudsynte oppussinga av hovudhuset på Doktorheimen blir sett i verk i 2015, etter eit kommunestyrevedtak i fjor, slik at ein kan kome i gang med dagtilbod til fleire brukargrupper.  

– Dette er ikkje endring men ei regulering, fordi det ikkje er ei auka investering, forklarar Mo.

Elles står dei andre prosjekta i investeringsbudsjettet for 2015 uendra. 

Etterlyser ein konkret sum

Når det gjeld Doktorheimen seier Trond Øyen Einemo (H) at då saka var oppe sist, ønska han at det ikkje skulle står ein omtrentleg sum, då han er redd for kva renoveringa vil kosta. 

– Få renoveringa ut på anbod, slik at me får sett ein sum. No kjem saka att med ein omtrentleg sum og har ikkje vore ute på anbod slik det er spurt om. Då er me attende til det same. Det er laga eit budsjett, men kva det egentleg kostar er det ingen som veit. Det er trass alt eit gamalt hus, seier Einemo.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) spør administrasjonen om korleis prosjektet med renoveringa skal gjennomførast. Mo seier ho trur renoveringa skal ut på anbod, men skal sjekke opp saka. 

– Kunne me løysa dette med å skrive renovering av Doktorheimen på inntil ein million i samsvar med anbod, spør Jan Olav Fretland (SV). 

Einemo seier det kjem inn mange omtrentlege summar, utan at det er gjort noko anbodsarbeid for å finne ut kva jobbane egentleg kostar. Han er redd summen på ein million er for liten for renoveringa av Doktorheimen.  

– Enden på visa er nok at det ikkje kjem ut på anbod før sommaren. Det er ikkje sikkert midlane blir brukt i år, seier Einemo.  

– Me må i alle fall ikkje oppleva det at budsjettet på inntil ein million sprekk, med den situasjonen me er i no, seier Solheim. 

Flyttar på investeringane

Einemo spør kva ein gjer med omsorgsbustandene om investeringa ikkje blir utført i 2015, men truleg kjem i 2016 eller 2017. 

– Med andre ord, aukar me egentleg investeringbudsjettet med 1,5 million  i 4-årsperioden. Me berre flyttar over til andre prosjekt, men investeringane kjem jo, seier Fretland.  

Mo forklarar at ein kan gjera endringa i økonomiplanen no til hausten, ved å redusere dei andre investeringsbudsjetta. 

Saka skal også opp til handsaming i kommunestyret i Lærdal 19. juni. 

Sakspapir knytt til justeringane i investeringsbudsjettet for Lærdal kommune i 2015 finn du her.

Til toppen